Serviceerklæring Lotteritilsynet

Vi ønskjer å yte god service til alle brukarane våre. Du skal få venleg, rask og korrekt informasjon når du vender deg til oss.

Denne serviceerklæringa gir deg informasjon om oppgåvene våre, sakshandsamingstider for dokument, rutinar for klage, retten til innsyn, og kvar du finn meir informasjon om tenestene våre.

Brukarane våre

Lotteritilsynet sine brukarar er frivillige lag og organisasjonar i tillegg til statlege pengespeloperatørar. Norske media og ålmenta elles er også viktige brukarar av tenestene våre. Sakene våre skal handsamast korrekt i tråd med gjeldande lover og tidsfristar.

Hovudoppgåver

Lotteritilsynet skal sikre eit forsvarleg lotteri- og pengespeltilbod i Norge. Dette forvaltar vi gjennom å

  • godkjenne alle lotteriverdige organisasjonar som kan hente inntekter frå den private delen av lotterimarknaden
  • autorisere store lotteriarrangørar, t.d. entreprenørar som driv bingohallar
  • gi løyve til lotteri som har ei omsetning på over 200 000 kroner i året
  • informere om farane ved pengespel, og samle inn informasjon om utviklinga i marknaden
  • ha ansvar for marknadsføring og resultat for Hjelpelinja for speleavhengige
  • hindre at alle former for ulovlege pengespel og pyramidar får fotfeste i Norge
  • føre tilsyn og kontroll med Norsk Tipping og Norsk Rikstoto
  • gi informasjon og rettleiing til aktørar, publikum og styresmakter

Vidare skal vi sikre ei forsvarleg fordeling av inntekter frå lotteri og pengespel gjennom

  • tildeling av lotteriløyve
  • fordeling av delar av spelemidlane frå Norsk Tipping til lotteriverdige organisasjonar etter søknad
  • tilsyn med at organisasjonane får sin rettmessige del av lotteriinntektene, og kontrollere bruken av inntekter frå lotteri

Kulturdepartementet har dessutan delegert ansvaret for kontroll og oppfølging av grasrotordninga i Norsk Tipping til oss. Det betyr i første omgang at vi skal føre tilsyn etter Forskrift om grasrotandel.

Lotteritilsynet forvaltar også ordninga med momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar generelt, i tillegg til ordninga for momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg.

Kulturdepartementet er fagleg og administrativt overordna for Lotteritilsynet, og Lotterinemnda er klageinstans for tilsynets vedtak.

Svar og tid for sakshandsaming

Forvaltningslova er styrande for dokumenthandsaminga i Lotteritilsynet, og generelt gjeld ei dokumenthandsamingstid på inntil ein månad. Går det lenger tid, vil du få melding frå oss der du får opplyst kor lang tid det vil ta før du får endeleg svar.

Klager

Du og ditt lag eller din organisasjon kan klage på enkeltvedtak i lotterisaker. Dersom du vil klage, må du sende klagen til oss innan tre veker etter at du fekk tilsendt vedtaket. Vi vurderer deretter klagen og saka på nytt. Dersom vi finn at det ikkje er grunn til å gjere om vedtaket, sender vi klagen vidare til Lotterinemnda som er eit uavhengig klageorgan. Du kan også klage til Sivilombodsmannen på vedtak frå Lotteritilsynet og Lotterinemnda.

Offentlegheit og innsyn

Dokument i ei sak er som hovudregel offentleg. Det betyr at dokumentet er ope for innsyn. Unntak skal heimlast i offentleglova kap. 3. Du kan krevje innsyn i alle dokument, og skal ha svar på innsynskrav seinast innan tre dagar. Lotteritilsynet praktiserer meiroffentlegheit.

Du kan be om innsyn i dokument gjennom eInnsyn som er ei felles publiseringsteneste for postjournalar i statlege verksemder. Her kan du søkje fram dokument frå alle dei deltakande verksemdene. Du finn også brukarrettleiing, lenkje til regelverk og statistikk m.m. I vår postjournal kan du hente offentlege utgåande og organinterne dokument, samt rekneskapsrapportar for enreprenørbingo.

Meir effektiv forvaltning og betre elektroniske tenester

Vi vidareutviklar dei elektroniske kanalane våre for å gi betre tenester og service til frivillige lag og organisasjonar, til media og til publikum. Alle søknadsskjema på lotteriområdet kan du  finne på ALTINN, det samme gjeld for alle rapporteringsskjema på lotteriområdet. Vi har også lagt opp til elektronisk rekneskapsrapportering gjennom ALTINN, og elektronisk registrering av smålotteri (lotteri med omsetning under 200 000 kroner) via våre nettsider.

På nettsidene våre finn du elles relevant informasjon alt etter kva brukaroppgåve du skal løyse.