TilsynTilsynsmetodikk i Lotteri- og stiftelsestilsynet

Vi har vedteke ein langsiktig strategi for å styrke arbeidet med tilsyn. Ein viktig del av dette arbeidet er å utvikle ein felles måte å gjennomføre tilsyn på, slik at tilsyn skjer på ein profesjonell, effektiv og korrekt måte.

Som ledd i dette arbeidet har Lotteri- og stiftelsestilsynet utarbeidd eit metodedokument for val av saker og gjennomføring av tilsyn. I tillegg har vi fastsett standarder og retningslinjer for tilsynsarbeidet.

Metodedokumentet

Overordna metodedokument for Lotteri- og stiftelsestilsynet har ein innleiande del som presenterer sentrale sider ved tilsyn og omgrep knytt til dette. I tillegg ein generell presentasjon av dei fasane tilsynsaktiviteten i utgangspunktet skal følgje i løpet av året. Deretter følgjer ein gjennomgang av metodane som er særeigne for dei ulike fagområda våre.

All utvelging og kategorisering skal gjerast med utgangspunkt i risiko- og vesentlegheitsvurderingar. På bakgrunn av desse vurderingane blir det utarbeidd ein årsplan som er styrande for valet av tilsynssaker.

Standarder for tilsyn

Standarder for tilsyn i Lotteri- og stiftelsestilsynet skal sikre kvaliteten i tilsynsarbeidet. Bruken av standardane vil vere avhengig av størrelsen, typen, og kor kompleks tilsynsobjektet er, så vel som mål og omfang av tilsyna som skal gjennomførast.

Retningslinjer for tilsynsarbeidet

Retningslinjene for tilsynsarbeidet bygger på revisjonsstandardane for Lotteri- og stiftelsestilsynet, og viser m.a. korleis tilsyn skal planleggast, gjennomførast, rapporterast og følgjast opp.

Formålet med tilsynsarbeidet i Lotteritilsynet er gjennom kontroll og bruk av reaksjonar å bidra til å sikre at verksemdene oppfyller krav nedfelt i lover, forskrifter og vilkår gitt i vedtak.

Den overordna målsetjinga for tilsynsarbeidet i Stiftelsestilsynet er å sikre god formålsrealisering i stiftelsane, og at stiftelsane følgjer stiftelseslova. Retningslinjer for tilsyn i Stiftelsestilsynet.