Dei siste fem åra har dobbelt så mange kvinner fått problem med pengespel. -Spelbransjen orienterer seg mot nye marknadar ved å rette seg mot kvinner, seier Henrik Nordal, avdelingsdirektør i Lotteritilsynet.

Fakta om undersøkelsen

  • Omfang av penge- og dataspillproblemer i Norge 2019 er gjort av Universitetet i Bergen på oppdrag fra Lotteritilsynet.
  • 63,6 prosent av nordmenn spelar pengespel.
  • 55 000 nordmenn har problemer med pengespill, og 122 000 er moderate risikospillere.
  • Dette er en økning fra sist undersøking, som ble gjort i 2015. Da var 34 000 nordmenn problemspillere og 88 000 moderate risikospillere.

 

55 000 nordmenn har problem med pengespel, viser den nye befolkningsundersøkinga Universitetet i Bergen har gjort for Lotteritilsynet.

For første gong er det ein auke i kvinner som har speleproblem. 0,8 prosent av kvinnene i befolkninga har problem med spel. I undersøkinga som vart gjort i 2015 var det 0,4 prosent. Rapporten viser også at kvinner spelar meir risikofyllte spel.

-Om vi samanliknar med undersøkinga frå 2015 er det dobbelt så mange kvinner som har problem med spel no. Det er langt fleire menn enn kvinner som har speleproblem, men prosentvis ser vi at det er like stor auke av menn og kvinner som er problemspelarar.

Nordal meiner at noko av årsaka er at spelbransjen rettar meir av marknadsføringa si og spela sine mot kvinner.

Befolkningsundersøkinga viser også at fleire kvinner spelar pengespel. 60,2 prosent hadde spelt pengespel siste 12 månadane. I 2015 var det 53,8 prosent.

-Tala tyder på at spelbransjen lukkast i å rekruttere fleire kvinnelege spelarar.

Heile undersøkinga les du her.