Og spesielt reklamen frå spelselskapa som ikkje har lov til å marknadsføre spela sine i Noreg.

Det er berre Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, samt bingo og nokre store, landsdekkande lotteri, som har lov til å tilby og marknadsføre pengespel i Noreg. Likevel er det fleire store pengespelselskap som bryt norsk lov, og reklamerer for pengespela sine utan løyve frå norske styresmakter.

Det er den ulovlege reklamen flest ser på som lite truverdig, ifølge befolkningsundersøkinga Universitetet i Bergen har gjort på oppdrag frå Lotteritilsynet.

56,7 prosent meiner at reklamen frå utanlandske spelselskap ikkje er truverdig, medan 21,3 prosent meiner reklamen frå Norsk Tipping og Norsk Rikstoto ikkje er truverdig.

Meir eksponering for spelreklame enn i 2015

Alle spelarane rapporterer om at dei ser meir reklame for utanlandske spelselskap, enn for Norsk Tipping og Norsk Rikstoto.

-Dette er ikkje overraskande. Pengespelselskap som ikkje har lov til å marknadsføre spela sine i Noreg reklamerer massivt, seier Henrik Nordal, avdelingsdirektør i Lotteritilsynet.

Fakta om undersøkelsen

  • Omfang av penge- og dataspillproblemer i Norge 2019 er gjort av Universitetet i Bergen på oppdrag fra Lotteritilsynet.
  • 63,6 prosent av nordmenn spelar pengespel.
  • 55 000 nordmenn har problemer med pengespill, og 122 000 er moderate risikospillere.
  • Dette er en økning fra sist undersøking, som ble gjort i 2015. Da var 34 000 nordmenn problemspillere og 88 000 moderate risikospillere.

 

Det er på TV flest opplever eksponering for pengespelreklame, og eksponeringa via TV og Internett har auka sidan sist undersøking i 2015. Avisreklamar går ned, og det er minst eksponering via direktereklame, som e-post og tekstmeldingar.

Dei som har speleproblem eller risiko for å få det rapporterer om at dei i større grad er eksponerte for pengespelreklame enn andre spelarar.

-Ei årsak til det kan vere at de er meir merksame på desse reklamane. Ei anna årsak kan vere at reklamen på Internett er tilpassa dei ulike nettsidene ein besøker, og det inneber at dei som ofte spelar pengespel på nettet vil få meir spelreklame. Eller at dei som spelar oftare er på stader med spelreklame.

Reklamen er ei av årsakene til at fleire får problem med spel

Undersøkinga viser at fleire har problem med pengespel eller er i risiko for å få det, samanlikna med undersøkinga som blei gjort i 2015. Reklame for pengespel er peika ut som ei av årsakene til auken.

-Pengespelreklamen frå dei ulovlege selskapa er med på å normalisere dei mest aggressive spelformene via nettet, og å oppretthalde og dermed legitimere eit ulovleg tilbod. Selskapa brukar TV- reklame for å gjere seg synlege og rekruttere nye kundar.

Det er vedtatt nye tiltak for å stoppe den ulovlege TV- reklamen. Til no har det vore utfordrande å stanse denne reklamen, fordi selskapa sender frå utlandet.

-Denne undersøkinga underbygger at det er viktig å få stoppa den ulovlege reklamen, for å beskytte sårbare spelarar, seier Nordal.