Over ni prosent av befolkninga har kjøpt lootboksar til seg sjølv eller andre viser ei fersk undersøking som tar for seg omfanget av dataspel og pengespelproblem i Noreg.

-For første gang er det gjort ei undersøking på omfanget av lootboksar i Noreg. Det er interessant å sjå at så mange kjøper lootboksar og kven som er dei mest utsette gruppene for å kjøpe desse, seier avdelingsdirektør Henrik Nordal i Lotteritilsynet.

Lootboksar er som ein digital forundringspakke for tilfeldige gevinstar eller fordelar som kan brukast i spela, og som blir kjøpt av spelarar for ekte pengar. Fleire har sett på likskapen mellom lootboksar og pengespel, då fenomenet har i seg at du kjøper ei vare der utfallet (her innhaldet) er heilt eller delvis tilfeldig.

-Vi ser at det i hovudsak er unge menn som kjøper lootboksar, andre funn viser blant anna at dei med omsorgsansvar for heimebuande barn kjøper desse, seier Nordal.

Av funna er det tre ting som peikar seg ut:

  • Å ha ansvar for heimebuande barn reduserte sannsynet for problem med lootboksar. Det heng truleg saman med at dei kjøper til barna, og at det då er lettare å kontrollere.
  • Dei som har problem med pengespel har meir enn 200 % større risiko enn dei utan slike problem, å rapportere problem med lootboksar.
  • Også dei som har eit dataspelproblem har 200 % større risiko enn dei utan eit dataspelproblem.

-Dette understrekar at dei som har eit speleproblem er ekstra utsett for problem knytt til kjøp av lootboksar, seier Nordal.

Lootboksar er ikkje regulert

Dataspel tar i stadig større grad inn element som er kjent frå pengespel, og det er ikkje lenger så klare grenser mellom pengespel og dataspel. Nye generasjonar av spelarar kjem til, og desse er med på å påverke ein marknad med andre ønskjer og behov enn tidlegare generasjonar.

Fakta om undersøkelsen

  • Omfang av penge- og dataspillproblemer i Norge 2019 er gjort av Universitetet i Bergen på oppdrag fra Lotteritilsynet.
  • 63,6 prosent av nordmenn spelar pengespel.
  • 55 000 nordmenn har problemer med pengespill, og 122 000 er moderate risikospillere.
  • Dette er en økning fra sist undersøking, som ble gjort i 2015. Da var 34 000 nordmenn problemspillere og 88 000 moderate risikospillere.

 

I dag blir spel regulert ut frå kva kategori dei høyrer til. Forum for spilltrender har anbefalt myndigheitene å vurdere andre måtar å regulere dette på. Dei viser til at det kan vere meir føremålstenleg å regulere problematiske eigenskapar i spel, framfor å la ei vurdering av om det dataspel eller pengespel avgjere om det er behov for regulering.

Lootboksar kan vere pengespel, men det er krevjande å vurdere. I Noreg er det Lotteritilsynet som forvaltar det norske pengespelregelverket, som omfattar alle lotteri og pengespel. Dette omfattar ikkje dataspel utan innskot eller premiar av økonomisk verdi. Lootboksar kjem i ulike variantar i dei ulike dataspela.

-Lotteritilsynet har ikkje gjort ei sjølvstendig vurdering av lootboksar opp mot den norske definisjonen av gambling, seier Nordal.

Definisjonen av kva som er lotteri- og pengespel finn du i lotterilova § 1. Om det kostar noko å delta, du kan vinne ein premie og det er tilfeldig kven som vinn. Det er vurderinga av om det er ein premie av økonomisk verdi som er mest krevjande.

-Skal lootboksar under ei framtidig pengespellov er det avgjerande med gode heimlar for å handheve dette effektivt. Det er krevjande slik det er i dag, avsluttar Nordal.

Heile undersøkinga les du her.