Nordmenn er negative til pengespel – spesielt dei yngste
Det kjem fram av undersøkinga “Omfang av penge- og dataspillproblemer i Norge 2019”.
-Funna viser at den yngre generasjonen er meir negative til pengespel enn dei eldre. Ei årsak til det kan vere at desse har vakse opp med ei auke i restriksjonar i pengespelpolitikken og auka søkelys på pengespelproblematikk, seier seniorrådgjevar i Lotteritilsynet Lars Petter Degnepoll.
Samla viser funna at det norske folk generelt har svake negative haldningar til pengespel. Undersøkinga viser også at det er størst semje om at det det er for mange moglegheiter til å delta i pengespel i Norge, samtidig er flest usamde i eit totalforbod.
Menn er meir positive til pengespel enn kvinner
Dei som ikkje spelar pengespel og dei som er problemspelarar er mest negative til pengespel, viser undersøkinga. Den viser også at menn er meir positive til pengespel enn kvinner. Likevel ser vi at stadig fleire kvinner spelar pengespel.
Fakta om undersøkelsen
- Omfang av penge- og dataspillproblemer i Norge 2019 er gjort av Universitetet i Bergen på oppdrag fra Lotteritilsynet.
- 63,6 prosent av nordmenn spelar pengespel.
- 55 000 nordmenn har problemer med pengespill, og 122 000 er moderate risikospillere.
- Dette er en økning fra sist undersøking, som ble gjort i 2015. Da var 34 000 nordmenn problemspillere og 88 000 moderate risikospillere.
Einslege er meir positive til pengespel enn dei som er i eit parforhold, og dei som har barn i husstanden er meir negative til pengespel enn dei som ikkje har barn. Dette kan forklarast med at pengespel kan påverke relasjonar i negativ forstand.
-Vi ser også at dei med høgare utdanning er meir negative til pengespel enn dei med låg utdanning. Ei forklaring kan vere at dei med høgare utdanning vurderer pengespel meir realistisk, seier Degnepoll.
Dei med låg inntekt er meir positive til pengespel, noko som kan sjåast i samanheng med at desse kan sjå pengespel som ein måte å fremje sin eigen økonomiske situasjon.
-Vi ser at gruppa som er meir positive til pengespel også er dei som har størst risiko for å få problem med spel, seier Degnepoll.
Heile rapporten “Omfang av penge- og dataspillproblemer i Norge 2019” les du her.