Men det er tatt initiativ til ei felles nordisk undersøking.

Befolkningsundersøkinga Universitetet i Bergen har gjort på oppdrag frå Lotteritilsynet om omfanget av penge- og dataspelproblem i Noreg gir viktig kunnskap. Men den let seg vanskeleg samanlikne med resultat frå andre land.

Standardiserer ein funna i denne norske undersøkinga, så finne ein ikkje særleg større utbreiing av pengespelproblem i Norge enn i til dømes Sverige og Finland.

Ser ein berre på dei einskilde undersøkingane utan å ta omsyn til forskjellar i metodane, kan det sjå ut som det er fleire med speleproblem i Norge enn i våre naboland.

Foto Johnny Engebø

Johnny Engebø er seniorrådgjevar i Lotteritilsynet.

-Det er ikkje vidare enkelt å samanlikne funna i denne undersøkinga direkte med forsking gjort i andre land. Det er ulike metodar for datainnsamlinga. Undersøkingar i dei nordiske landa er også gjort på ulike tidspunkt, seier Jonny Engebø, seniorrådgjevar i Lotteritilsynet.
 

I regjeringa sin handlingsplan mot speleproblem er det føreslått å gjennomføre ei felles nordisk undersøking, som er gjennomført med same metode for datainnsamling på same tidspunkt i alle land. Det er også etablert ei gruppe av forskarar med deltakarar frå alle dei nordiske landa. Engebø er Lotteritilsynet sin kontaktperson inn mot dette forskarnettverket.
 
-Det er utvikla ei felles prosjektbeskriving. Det som gjenstår no er å få finansiering for prosjektet. Dette er eit spanande arbeid, seier Engebø.