Samvirkeføretak
Kva er eit samvirkeføretak?
Med samvirkeføretak meiner vi vanlegvis ei samanslutning som har til hovudformål å fremje dei økonomiske interessene til medlemene. Det skjer gjennom deira deltaking i verksemda som avtakarar, leverandørar eller på liknande måtar. Det er følgjande føresetnader:
- Avkastinga, bortsett frå ei normal forrenting av innskoten kapital, blir anten ståande i verksemda eller fordelt mellom medlemene på grunnlag av deira del av omsetninga med samanslutning.
- Ingen av medlemmene har personlig ansvar for sammenslutninga sine forpliktelsar.
Lov om samvirkeforetak (samvirkelova)
Samvirkelova vart gjort gjeldande frå 01.01.2008. I denne lova er Stiftelsestilsynet gitt avgrensa mynde i samband med at medlemmer av samvirkeføretak ved vedtak om vedtektsendring, fusjon, fisjon eller omdanning til AS/ASA får større rett til attverande midlar enn fastsett i dei opprinnelege vedtektene.
For vedtak som betyr at medlemmene får krav på ein større andel av dei attverande midlane enn fastsett i dei opprinnelege vedtektene, gjeld følgjande krav:
- vedtaket må vere lovleg etter vedtektene og samvirkelova
- vedtaket må gjerast av årsmøtet med i utgangspunktet fire femdels fleirtal av dei avgitte stemmene
- vedtaket må kvile på sakleg grunn og
- vedtaket må godkjennast av Stiftelsestilsynet
Stiftelsestilsynet har utover ramma av godkjenningskompetansen etter samvirkelova, ikkje ansvar for tilsyn med samvirkeføretak.
Les meir om Stiftelsestilsynets godkjenningskompetanse ved
- vedtak om fusjon og fisjon etter samvirkelova kapittel 8 og 9
- vedtak om endring av vedtekter etter samvirkelova kapittel 10
- vedtak om omdanning til aksjeselskap (AS) eller allmennaksjeselskap (ASA) etter samvirkelova kapittel 11
Søknad om godkjenning frå Stiftelsestilsynet skal sendast til: postmottak@lottstift.prod.dekodes.no
eller til:Stiftelsestilsynet, Postboks 800, 6805 Førde.
Har du spørsmål? Sjå våre «spørsmål og svar» om samvirkeføretak.
Har du fortsatt spørsmål? Bruk vårt kontaktskjema.