Stiftelseslova set ulike krav til kven som kan vere medlemmer av styret i stiftelsen.

Juridiske personar kan ikkje utgjere eit styre eller vere styremedlemmer i ein stiftelse. Lova gjer unntak der ein stiftelse er fellesforvaltar etter stiftelseslova. Umyndige personar, eller personar som kan setjast i konkurskarantene etter konkurslova, kan heller ikkje vere styremedlemmer.

Minst halvparten

Vidare slår stiftelseslova fast at minst halvparten av medlemmene av styret skal vere busette i riket, med unntak av statsborgarar av ein EØS-stat som er busette i EØS-området.

I stiftelseslova er det bestemt at følgjande personar verken kvar for seg eller samla kan vere einaste medlem av styret i ein stiftelse:

  • den som har gitt ein formuesverdi som inngår som grunnkapital i stiftelsen – merk at dette ikkje nødvendigvis er opprettaren av stiftelsen
  • nærståande til den som har gitt slik formuesverdi til stiftelsen
  • person som har tillitsverv i, eller står i tilsetjingsforhold eller anna underordningsforhold til, den som har avgitt slik formuesverdi til stiftelsen
  • den som er nærståande til ein som har bestemmande innverknad over ein juridisk person som har gitt formuesverdi som inngår som grunnkapital i stiftelsen

Er det berre to personar i styret, kan ein person som nemnt ovanfor heller ikkje vere styret sin leiar.

Kan gjere unntak

Stiftelsestilsynet kan gjere unntak frå reglane, og det er her ikkje krav om ”særlige grunner”. Det blir då opp til Stiftelsestilsynet å vurdere om det i den konkrete saka vil vere rimeleg og hensiktsmessig å gi dispensasjon. Vi vil til dømes kunne gi dispensasjon frå kravet om busetjing  når det ikkje er tvil om at stiftelsen likevel vil høyre heime i Noreg. Det same gjeld dersom den aktuelle personen er ein fagkyndig som det er sterkt behov for, eller som stiftelsen har eit sterkt ønske om å ha i styret.

Reglane gjeld tilsvarande for varamedlemmer og observatørar.

Særregelen

Stiftelsestilsynet har høve til å vedta unntak frå regelen om at ein juridisk person ikkje kan vere styre for stiftelsen. Du kan lese om særregelen om fellesforvaltar som styre under Fellesforvaltning.

Har du spørsmål? Bruk vårt kontaktskjema.