Stiftelseslova set forbod mot at stiftelsen deler ut midlar til opprettaren av stiftelsen. Det same forbodet gjeld opprettaren sin ektefelle eller sambuar eller selskap som opprettar eller ektefelle/sambuar har bestemmande innverknad over.

Forbodet gjeld viss dei eig meir enn halvparten av aksjane/delane, slik at det utgjer fleirtalet av stemmene i selskapet. Like eins gjeld forbodet viss dei har rett til å velje eller avsetje eit fleirtal av styremedlemmene i selskapet. Regelen er grunngitt med det elementære sjølvstendeprinsippet stiftelsesretten byggjer på, og skal hindre såkalla identifikasjon mellom stiftelsens formål og opprettar.

Kan gi dispensasjon

Etter stiftelseslova kan Stiftelsestilsynet gi dispensasjon frå dette forbodet i konkrete enkelttilfelle. Vilkåret er då at det ligg føre ”særlige grunner”. Dette kravet om ”særlige grunner” viser at det er tale om ein snever unntaksregel. Det skal ikkje vere kurant å få dispensasjon.

I førearbeida til lova er dispensasjonsregelen forklart med at det i enkelte tilfelle ikkje er hensiktsmessig å nekte slik utdeling. I slike tilfelle vil det ikkje vere ein så nær identifikasjon mellom opprettar og formålet som utdelingsforbodet er meint å motverke følgjene av.

Nokre døme på dispensasjonar

Førearbeida bruker som døme at ”ideelle organisasjoner o.l. som, eventuelt sammen med andre slike organisasjoner, oppretter en stiftelse til et formål som organisasjonen ivaretar”.

Eit anna døme er at ”en person som har avgitt en formuesverdi til en stiftelse som har til formål å legge forholdene til rette for personer med en bestemt sykdom, og hvor denne senere får samme sykdom”  ikkje skal vere forhindra frå å ta imot utdelingar frå stiftelsen.

Har du spørsmål? Bruk vårt kontaktskjema.