Ny vergemålslov
1. juli 2013 fekk vi ny vergemålslov. Ein av dei viktige endringane i den nye lova er avviklinga av Overformynderiet i kommunane. I enkelte stiftelsar hadde Overformynderiet eller nokon av deira medlemmar ei rolle. For eksempel som styremedlem, oppnemningsorgan for styremedlemmar, forretningsførar eller forvaltar av stiftelsens midlar.
Dersom Overformynderiet er tildelt ei rolle direkte i vedtektene, må styret i stiftelsen endre vedtektene slik at dei samsvarar med den nye vergemålslova. Alle vedtektsendringar skal godkjennast av Stiftelsestilsynet før dei er gyldige, jf stiftelseslovas § 48. Les meir om korleis du endrar vedtektene.
Vær særskilt merksam på at dersom avviklinga av Overformynderia fører til behov for ei vedtektsendring som gjeld framtidige val av styremedlemmar, er det det sittande styre som må søkje Stiftelsestilsynet om vedtektsendringar. Ingen styreverv fell vekk av seg sjølv grunna avviklinga av Overformynderiet.
Du kan finne meir informasjon om kva stiftelsen din må gjere ved ei eventuell vedtektsendring.
Når Overformynderiets rolle ikkje er bestemt i vedtektene
Korleis styremedlemmane i ein stiftelse skal oppnemnast skal alltid gå fram av vedtektene. Når det gjeld rolle som forvaltar av stiftelsens midlar, stiftelsens forretningsførar eller kontaktperson, kan Overformynderiet vere dette uten at det er vedtektsfesta. I slike tilfelle trengs det ikkje ei vedtektsendring for å rette opp i forholdet. Stiftelsen gjer då dei nødvendige endringar ved eit styrevedtak.
Fylkesmannen si rolle etter ny vergemålslov
Vergemålslova er ikkje til hinder for at Fylkesmannen kan seie seg villig til å ha den same rolla som Overformynderiet har hatt tidligere. Det er såleis høve til å spørje Fylkesmannen om å overta Overformynderiet si rolle i stiftelsen. Fylkesmannen står fritt til å avgjere om han ønskjer dette eller ikkje.
I nokre tilfelle kan det være naturleg ut frå Overformynderiet si stilling i stiftelsen å be Fylkesmannen uttale seg om dei vedtektsendringar som ein ønskjer å gjennomføre.
Har du fortsatt spørsmål? Gå til «spørsmål og svar», eller ta kontakt.