Tilskot frå speleoverskotet til Norsk Tipping
Målgruppe
Tildelinga er regulert gjennom forskrift om tilskudd til samfunnsnyttige og humanitære organisasjoner fra spilleoverskuddet til Norsk Tipping.
Ordninga skal bidra til å trygge viktige samfunnsoppgåver som store landsdekkande organisasjonar utfører på områda helse, sosiale tenester, krisehjelp og støttearbeid, natur-, miljø og dyrevern. Den skal i tillegg sikre at sentrale rednings- og beredskapsoppgåver kan vidareførast.
Merk: Tidlegare automatinntekter er ikkje lenger kriterium for tildeling av tilskot.
Nokre sentrale vilkår for å kunne delta i ordninga:
- Søkjar må vere landsdekkande. Underledd eller avdelingar må ha jamnleg regional og lokal aktivitet i minst fire av fem landsdelar.
- Søkjar må ha eit fordelingsgrunnlag på minimum 10 millionar kroner.
Vilkår elles går fram av § 4 i forskrifta.
Frist
Søknadsfristen var 1. september 2021.
Søkjer de om momskompensasjon i 2021?
Organisasjonar som har søkt eller kjem til å søkje om momskompensasjon for frivillige organisasjonar i 2021 (søknad gjeld for mva-kostnader i 2020) treng ikkje sende vedlegg på nytt, men berre fylle ut søknadsskjema.
Organisasjonar som ikkje skal søkje om mva-kompensasjon i 2021, og som fyller vilkåra for denne ordninga må legge ved søknaden godkjend og signert årsmelding, rekneskap og revisjonsmelding.
Meir informasjon
- Forskrift om tilskudd til samfunnsnyttige og humanitære organisasjoner fra spillleoverskuddet til Norsk Tipping
- Høyringsnotat av 16. august 2017
- Rettleiar til EØS-avtala sine reglar om offentlig støtte
- Oversikt over regelverket for offentleg støtte
Søknad
Søknadsfristen var 1. september.
Spørsmål?
Ta kontakt: postmottak@lottstift.no, eller tlf. 57 82 80 00.