Av Norsk Tipping sitt speleoverskot skal 18 % fordelast til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.

Målgruppe

Tildelinga er regulert gjennom forskrift om tilskudd til samfunnsnyttige og humanitære organisasjoner fra spilleoverskuddet til Norsk Tipping.

Ordninga skal bidra til å trygge viktige samfunnsoppgåver som store landsdekkande organisasjonar utfører på områda helse, sosiale tenester, krisehjelp og støttearbeid, natur-, miljø og dyrevern. Den skal i tillegg sikre at sentrale rednings- og beredskapsoppgåver kan vidareførast.

Merk: Tidlegare automatinntekter er ikkje lenger kriterium for tildeling av tilskot.

Nokre sentrale vilkår for å kunne delta i ordninga:

  • Søkjar må vere landsdekkande. Underledd eller avdelingar må ha jamnleg regional og lokal aktivitet i minst fire av fem landsdelar.
  • Søkjar må ha eit fordelingsgrunnlag på minimum 10 millionar kroner.

Vilkår elles går fram av § 4 i forskrifta.

Frist

Søknadsfristen var 1. september 2021.

Søkjer de om momskompensasjon i 2021?

Organisasjonar som har søkt eller kjem til å søkje om momskompensasjon for frivillige organisasjonar i 2021 (søknad gjeld for mva-kostnader i 2020) treng ikkje sende vedlegg på nytt, men berre fylle ut søknadsskjema.

Organisasjonar som ikkje skal søkje om mva-kompensasjon i 2021, og som fyller vilkåra for denne ordninga må legge ved søknaden godkjend og signert årsmelding, rekneskap og revisjonsmelding.

Meir informasjon

Søknad

Søknadsfristen var 1. september.

Spørsmål?

Ta kontakt:  postmottak@lottstift.no, eller tlf. 57 82 80 00.