Informasjon til selskap om pyramideregelen
Lotteritilsynet har sendt informasjonsbrev til fleire selskap der vi orienterer om pyramideregelen i lotteriloven.
Bakgrunnen for at vi sender informasjonsskriv er som oftast at vi har mottatt fleire spørsmål om same verksemd. Lotteritilsynet har ikkje moglegheit til å vurdere alle verksemder vi mottar tips om. Dersom vi skal vurdere om ei verksemd bryt lotterilova § 16 krev dette grundig dokumentasjon og oppretting av tilsyn.
Når vi sender informasjonsskriv har vi ikkje tatt ei slik vurdering av verksemda. Vi sender informasjonsskriv for å gjere selskapet og eventuelle medlemmar klar over innhaldet i regelverket. Ved å sende informasjonsskriv har vi ikkje tatt stilling til om vi meiner at verksemda er ulovleg pyramideverksemd. Selskapet kan ha enkelte kjenneteikn på ein pyramideverksemd, men vi kan ikkje slå fast om det er lovleg eller ulovleg utan å ha oppretta tilsyn. Informasjonsbrevet er meint å gjere selskapet og eksisterande og potensielle deltakarar i betre stand til å sjølv vurdere om selskapet er lovleg og i tråd med lotterilovas § 16.
Her er oversikt over selskapa vi har sendt informasjonskriv til (med lenke til brevet).
- Explosive Gambling/Explosive marketing.
- OneCoin.
- Global Intergold (Emgoldex).
- Global Game arena.
- Devide (Vindorale Ltd.).
- Crowd1.
Sjå også oversikt over selskap Lotteritilsynet har reagert mot.