Lotteritilsynet åtvarar mot pyramidespel

Lotteritilsynet får mange tips og spørsmål fra publikum om pyramidespel. Mange som tar kontakt, har fått tilbod om å delta i ei verksemd og lurer ofte på om det er ulovleg pyramideverksemd,  da dei ser kjenneteikn på dette. Andre som tar kontakt har deltatt og investert store summar i ei verksemd. Så får dei ikkje pengene dei er lova, og får heller ikkje tilbake pengane dei har investert.

Bestemminga om forbod mot ulovleg pyramidespel og pyramideliknande omsetningsystem finn du i lotterilova § 16:

Det er forbudt å opprette, drive, delta i eller utbre pyramidespill eller lignende system. Som omfattet av forbudet regnes ethvert system der det ytes vederlag for å få mulighet til å oppnå inntekter som bare følger av at andre verves til pyramidespillet mv.

Forbudet i første ledd omfatter pyramidelignende omsetningssystem der det ytes vederlag for å få mulighet til å oppnå inntekter som særlig skyldes at andre verves til systemet, og ikke salg eller forbruk av varer, tjenester eller andre ytelser.

Brot på pyramideregelen er å sjå på som eit grovt brot på lotterilova og kan føre til straff i form av bøter eller fengsel etter lotterilova § 17.

Test om selskapet er eit ulovleg pyramidespel

Du har sjølv ansvaret om du involverer deg i pyramideverksemd

Alle som har planar om å opprette, drive, delta i eller formidle verksemd som har likskapstrekk med ulovleg pyramideverksemd, har eit eige ansvar for å sette seg inn i og følgje regelverket. Ved brot på regelverket kan du risikere straff. Dette gjeld ikkje berre selskapa som står bak verksemda. Også deltakarane kan straffast for brot på pyramidebestemminga  i lotterilova.

Lotteritilsynet har tilsyn med regelverket knytt til ulovleg pyramidespel, og kan stoppe slike selskap. Vi har likevel ikkje moglegheit til å vurdere om alle selskapa vi mottar henvendingar om er ulovlege pyramidespel. Sjølv om vi ikkje har gått inn i ei sak, eller reagert mot eit selskap, betyr det ikkje at vi har godkjent verksemda eller kan gå god for at dette ikkje er ein ulovleg pyramideverksemd. At vi ikkje har vurdert selskapet eller reagert på dette, gir ingen indikasjon på at dette er trygt å satse på eller investere pengar i.

Dersom du vel å investere store eller mindre summar i pyramideliknande verksemd er dette ein risiko du sjølv må ta ansvar for. Vi kan ikkje kreve at du får tilbake pengane du har tapt. Vi kan heller ikkje reparere øydelagde familierelasjonar eller venskap som følgje av pyramidespel.

Forbodet mot pyramidespel og pyramideliknande omsetningssystem er satt for å beskytte forbrukarane. Pyramideverksemd er ingen sunn næringsverksemd og tener ingen legitime formål. Pyramideverksemd fører ofte til økonomiske problem for deltakarane og deira familiar. Deltakarane blir ofte lokka med store inntektsmoglegheiter. Nokon brukar sparepengane, tar opp lån eller liknande i håp om stor inntening, men endar opp med å tape alt dei har investert. Ofte skjer rekruttering blant familie og vener og ikkje sjelden er unge menneske involvert, med dei negative sosiale konsekvensar dette kan få.

Lotteritilsynet åtvarar mot å delta i pyramideliknande verksemd. Dersom noko virker for godt til å vere sant, er det ofte det.

Les også: Vi åtvarar mot Lyoness, myWorld, Lyconet og Cashback.

Kjenneteikn og faresignal i pyramidespel

Noko som kjenneteiknar ulovlege pyramidespel, er at deltakarane betalar pengar til ei verksemd utan å få tilsvarende verdiar i retur. Målet er å få meir pengar ut av systemet seinare. Pengane som blir betalt inn flyttast oppover i pyramiden og dei på toppen tener store pengar på innbetalingane frå deltakarane, som taper sine innskot. Ofte forflyttar dei som står bak ulovlege pyramideselskap seg frå selskap til selskap. Dei opprettar nye selskap når dei ikkje lenger tener pengar i eit selskap, eller når det har blitt avdekka at dei driv eit ulovleg pyramidespel.

Spørsmål du bør stille deg sjølv før du vel å delta i noko som liknar på eit pyramidespel. Ver skeptisk dersom svaret på eit eller fleire av desse spørsmåla er ja:

  • Har verksemda inntekter frå verving av deltakarar og er det grunn til å tru at inntektene i hovudsak kjem frå denne vervinga og ikkje sal av produkt?
  • Er produkta som blir selde medlemskap, informasjon- og kursmateriell, digitale produkt, pengespel, kryptovaluta eller andre usikre investerings- og finansieringsprodukt, eller er det vanskeleg å forstå kva det eigentlege produktet er?
  • Er det innfløkte bonus- og verveordningar som det er vanskeleg å få fullstendig oversikt over?
  • Er du usikker på om du trygt kan anbefale produktet til familie og venner?
  • Koster produkta mykje når du ser på prisen samanlikna med innholdet?
  • Blir det gitt lovnader om høge inntekter og blir det opplyst om at du går glipp av ein stor moglegheit om du ikkje deltar?
  • Blir det opplyst at verksemda er godkjent av Lotteritilsynet?
  • Må du bli medlem for å kjøpe produkta?
  • Er det kjøpeplikt og/eller månedleg medlemsavgift?
  • Er informasjonen om produkta eller selskapet mangelfull?
  • Er det vanskelig å få informasjon når du etterspør det?
  • Opererer verksemda i strid med forbrukerrettslige reglar om villeiande og aggressiv marknadsføring eller reglar om angrefrist?

Har du tips om ulovleg pyramideverksemd? Tips oss her.

Andre myndigheiters tilsynsområde

Dersom du har mistanke om at du står ovanfor eit ulovleg pyramidespel, aktualiserer det ofte mange typer problemstillingar og moglege lovbrot, som hamnar inn under ulike myndigheiters tilsynsområde.

Finanstilsynet har tilsyn med finanssektoren, blant anna foretak som tilbyr investering i finansielle produkt. Ta kontakt med Finanstilsynet når det gjeld spørsmål som dreier seg om investering i slike og liknande produkt. Vi viser til åtvaring frå Finanstilsynet om investering i Kryptovaluta.

Forbrukertilsynet fører tilsyn med marknadsføringslova. Dersom du reagerer på måten eit selskap marknadsfører seg og går fram på for å rekruttere kundar, kan det være aktuelt å ta kontakt med Forbrukertilsynet.

Mattilsynet har tilsynsoppgåver knytta til å sikre trygge mat- og drikkevarer og har også oppgåver knytta til kosmetikk og legemiddel. Dersom produkta som blir seld er mat/-drikkevarer, kosttilskot, kosmetikk eller liknande, og du reagerer spesifikt på produkta som blir seld, kan det vere aktuelt å kontakte Mattilsynet.

Skattemyndigheitene fører tilsyn med skatterelaterte lovbrot. Dersom du har mistanke om brot på skatterettslige reglar kan du kontakte Skatteetaten.

Ved straffbare lovbrot er det også aktuelt å kontakte politiet. Alvorlige brot på pyramideregelen har vore etterforska av politiet, og det finnast fleire dommar der personar har blitt strafferettslig ansvarleg for brot på bestemminga. Ulovleg pyramideverksemd og aktivitet i tilknytting til dette kan også rammast av bestemmingar i straffelova knytt til bedrageri, truslar mm.