World Ventures

Lotteritilsynet konkluderte i 2014 at WorldVentures er eit ulovleg pyramidespel. Dette er også slått fast i ein dom frå Oslo tingrett i 2016 og fra Borgarting lagmansrett i 2018. Høgsteretts ankeutval fann også einstemmig at det ikkje var tilstrekkeleg grunn til å fremme saka for Høgsterett. Selskapet har stansa si verksemd i Norge.

Dommane frå tingretten, lagmansretten og avgjersla til Høgsteretts ankeutval finn du her.

For meir informasjon om korrespondansen mellom Lotteritilsynet og selskapet viser vi til vår postjournal.

Lyoness

Lotteritilsynet konkluderte i 2018 med at Lyoness er eit ulovleg pyramidespel. Lyoness klaga på vedtaket til Lotterinemnda.  Lotterinemnda gjorde 27. januar 2019 vedtak om ikkje å ta klaga til følgje.

For meir informasjon om korrespondansen mellom Lotteritilsynet og selskapet viser vi til vår postjournal.