Nær 22 000 organisasjonar får over 1,6 milliardar kroner i momskompensasjon. Sjå lista her.

Fordelinga av momskompensasjon på varer og tenester er klar. Frivillige lag og organisasjonar får utbetalt 1,6 milliardar kroner. Dette er nær 185 millionar meir enn i fjor.

I år får mottakarane tildelt nær 82 prosent av den godkjente søknadssummen, mot 74, 5 prosent i fjor.

Opp mot 200 fleire søkte om momskompensasjon på varer og tenester i år, samanlikna med i 2018. På same tid er det 2277 færre som får kompensasjon i år.

Vedtak vert sendt til organisasjonen sin innboks i Altinn i løpet av veke 49/50, og utbetalinga av momskompensasjon for 2019 skjer i første del av desember.

Sjå oversikt over alle mottakarar og tildelt beløp i 2019.

Sjå oversikt over alle søkjarar i 2019. 

Sjå tal og statistikk her. 

Les pressemelding frå Kulturdepartementet her.