I 2020 fordelte Lotteri- og stiftelsestilsynet 1,684 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar. 22 397 organisasjonar får momskompensasjonen utbetalt i desember 2020.

Tilskotsordninga der frivillige lag og organisasjonar kan søke om å få kompensert kostnader til meirverdiavgift som dei har hatt ved kjøp av varer og tenester vart vedteken i 2010. Føremålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet.

Søknadsåret 2020

I alt 22 397 frivillige lag og organisasjonar får utbetalt momskompensasjon på til saman 1,684 milliardar kroner. Mottakarane får nær 81 prosent av den godkjende søknadssummen.
Du finn oversikt over samtlege mottakarar  i lista nedanfor. For å søke etter bestemte organisasjonar, opne reknearket i redigeringsmodus, og bruk søkefunksjonen i Excel.

Omfatter ulike aktivitetar

Momskompensasjonsordninga femner eit vidt spekter av frivillege aktivitetar. Basert på søkars aktivitetskategoriar i Frivillighetsregisteret kan vi få eit bilete av kva type aktivitetar som vert utført blant organisasjonar som mottar momskompensasjon.

Grafane under viser tal mottakarar og tildelt beløp fordelt på kategori.

Variasjon i tildelt beløp

Den store variasjonen i søkjarane viser seg også i størrelsen på tilskot. Dei fleste organisasjonar får tildelt beløp i nedre del av skalaen.

Kva har skjedd over tid?

Her kan du sjå korleis ordninga har utvikla seg sidan starten.

Tal og oversiktar for momskompensasjonsordninga tidlegare år

Oversikt frå 2019:

Oversikt frå tidlegare: