Over 800 millionar fordelt frå speleoverskotet
Lotteritilsynet deler kvart år ut pengar frå Norsk Tipping sitt overskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.
Kompensasjon for tapte automatinntekter
- Frå og med 1. juli 2007 var det ikkje lenger tillatt å ha oppstilt gevinstautomatar.
- Etter automatforliket vart det etablert ei kompensasjonsordning der organisasjonar som mottok inntekter frå gevinstautomatar i 2001 skulle tildelast midlar frå speloverskotet til Norsk Tipping.
- Ordninga skulle vare i ein overgangsperiode slik at organisasjonane skulle frå rimeleg tid til å innrette seg til ein kvardag utan automatinntekter.
Frå og med tildelingsåret 2019 blei fordelinga av Norsk Tipping sitt speleoverskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar lagt om. Tilskotsordninga skal i større grad bidra til å trygge viktige samfunnsoppgåver som store landsdekkande organisasjonar utfører på områda helse, sosiale tenester, krisehjelp og støttearbeid pluss natur-, miljø- og dyrevern.
Ordninga skal i tillegg sikre at sentrale rednings og beredskapsoppgåver kan vidareførast. I 2019 var tidlegare automatinntekter for første gong ikkje lenger eit kriterium for tildeling av tilskot.
Over halvparten til redning og bredeskap
I søknadsåret 2019 var tilskotet som skulle fordelast, nær 805 millionar kroner. For å sikre sentrale rednings og beredskapsoppgåver fekk følgande tre beredskapsorganisasjonar tildelt over 430 millionar kroner til saman:
- Norges Røde Kors – 254,3 millionar
- Redningsselskapet – 156,9 millionar
- Norsk Folkehjelp – 19,3 millionar
Det resterande beløpet på 374 millionar kroner blei fordelt mellom 40 landsdekkande samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar etter søknad.
Til samanlikning blei det i 2018 fordelt totalt 794 millionar kroner mellom 376 organisasjonar. Då gjaldt framleis overgangsordninga for dei som tidlegare fekk automatinntekter.