For å sikre sentrale rednings- og beredskapsoppgåver fekk tre beredskapsorganisasjonar tildelt over 430 millionar korner til saman.

Lotteritilsynet deler kvart år ut pengar frå Norsk Tipping sitt overskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar

Kompensasjon for tapte automatinntekter

  • Frå og med 1. juli 2007 var det ikkje lenger tillatt å ha oppstilt gevinstautomatar.
  • Etter automatforliket vart det etablert ei kompensasjonsordning der organisasjonar som mottok inntekter frå gevinstautomatar i 2001 skulle tildelast midlar frå speloverskotet til Norsk Tipping.
  • Ordninga skulle vare i ein overgangsperiode slik at organisasjonane skulle frå rimeleg tid til å innrette seg til ein kvardag utan automatinntekter.

 

Frå og med tildelingsåret 2019 blei fordelinga av Norsk Tipping sitt speleoverskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar lagt om. Tilskotsordninga skal i større grad bidra til å trygge viktige samfunnsoppgåver som store landsdekkande organisasjonar utfører på områda helse, sosiale tenester, krisehjelp og støttearbeid pluss natur-, miljø- og dyrevern.  

 
Ordninga skal i tillegg sikre at sentrale rednings og beredskapsoppgåver kan vidareførast. I 2019 var tidlegare automatinntekter for første gong ikkje lenger eit kriterium for tildeling av tilskot.    

Over halvparten til redning og bredeskap

I søknadsåret 2019 var tilskotet som skulle fordelast, nær 805 millionar kroner. For å sikre sentrale rednings og beredskapsoppgåver fekk følgande tre beredskapsorganisasjonar tildelt over 430 millionar kroner til saman:   

  • Norges Røde Kors – 254,3 millionar   
  • Redningsselskapet – 156,9 millionar   
  • Norsk Folkehjelp – 19,3 millionar   

Det resterande beløpet på 374 millionar kroner blei fordelt mellom 40 landsdekkande samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar etter søknad.    

Til samanlikning blei det i 2018 fordelt totalt 794 millionar kroner mellom 376 organisasjonar. Då gjaldt framleis overgangsordninga for dei som tidlegarefekk automatinntekter.