Totalt var det delt ut over 1,6 millardar kroner til organisasjonene. Små organisasjonar fekk ein større del av kaka i 2019 etter forskriftsendring.

Søknadssummen for den generelle momskompensasjonsordninga var i 2019 på over 2 milliardar kroner. Vi fekk inn 1921 søknader, og av dei blei 1701 godkjende. Organisasjonane fekk
utbetalt 1,6 milliardar kroner, med ein innvilgingsprosent på nærare 82 prosent. Nær 22 000 organisasjonar tok del i ordninga i 2019. Dette er ein nedgang samanlikna med året før, noko som heng saman med endringar i regelverket.

Ny forskrift om meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar tredde i kraft frå 1. januar 2019. Målet med endringane er å gjere ordninga enklare for organisasjonane, samtidig som endringane skal sikre at midlane går til lag og foreiningar med frivillig aktivitet. Endringane skal mellom anna bidra til at små organisasjonar samla sett vil få litt meir midlar gjennom ordninga.

Over 800 søkarar var ikkje registrert i frivilligregisteret

Eit eksempel på ei konkret endring er at det blei obligatorisk for alle lag og foreiningar å vere registrert i Frivilligregisteret. Lotteri- og stiftelsestilsynet var klar over at det var mange som
måtte registrere seg, og gjennomførte fleire informasjonstiltak. Desse var spesielt retta mot tidlegare søkarar med underledd som ikkje var registrerte.

-Sjølv om vi gjennomførte fleire tiltak for å få mottakarane til å registrere seg, var det likevel over 800 mottakarar som fekk avslått søknaden sin på grunn av dette, seier seniorrådgjevar i Lotteritilsynet Marianne Alværen Torset.

Meir til små organisasjonar etter omlegging

Ei anna endring var at minstegrensa for å kunne søke blei sett ned. Denne endringa førte til at vi fekk omtrent 100 nye søknader som tidlegare ville blitt avviste.

Den nye forskrifta inneheldt dessutan endringar som skulle sikre at dei mindre organisasjonane skulle få ein større del av midlane. I forenkla søknadsmodell var det tidlegare slik at alle søkarane fekk 7 % av godkjent søknadsgrunnlag. Etter endringa får alle 8 % av søknadsgrunnlaget opp til 5 millionar kroner, og så får dei 6 % av søknadsgrunnlaget over 5 millionar kroner. Grensa
for når ein søkar skulle gjere frådrag frå søknadsgrunnlaget, blei heva til 5 millionar kroner.

-Dette gjer ordninga enklare for desse søkarane, og dei vil få utbetalt meir pengar, seier Torset.

Fleire søknader, men færre deltakande organisasjonar i 2019

Både tal søknader og søknadssummen aukar kvart år. Søknadssummen auka med 4,33 % frå 2018 til 2019: frå 1,977 milliardar til 2,063 milliardar. Dette er ein lågare vekst enn tidlegare år.
Årsaka er mellom anna effektar av endra regelverk. Sjølv om tal søknader har auka, var det færre organisasjonar som fekk tildelt midlar i 2019 enn året før. Reduksjonen på over 2200 organisasjonar skuldast også endra regelverk.

Av alle organisasjonane som inngjekk i ein søknad, var det nærare 1800 som ikkje fekk godkjent søknadsgrunnlaget sitt. Av desse var over 200 enkeltståande søkarar, og resten var
underledd eller aksjeselskap.

– Reduksjonen skuldast i all hovudsak endra regelverk, men vi forventar at noko av effekten knytt til krav om registrering i Frivilligregisteret er midlertidig, avsluttar Torset.