Skular kan ikkje arrangere smålotteri
Det er ikkje høve for offentlige skular, skuleklassar eller foreldrerådets samarbeidsutval å arrangere smålotteri. Det er berre lokale frivillige lag samt humanitære og samfunnsnyttige organisasjonar som kan melde inn smålotteri. Lotteritilsynet sender no ut eit informasjonskriv til alle skular om dette.
Fleire skular melder inn smålotteri
Lotteritilsynet får årleg inn fleire meldingar om smålotteri frå offentlige skular. Inntektene frå lotteriet er ofte meint å gå til klasseturar, leiropphald og sosiale tiltak. Ein offentlig skule og andre grupperingar der aktiviteten blir definert gjennom skulelova, vil ikkje bli vurdert som frivillige organisasjonar. Les meir om smålotteri her.
17. mai er unntaket
Det einaste unnataket frå denne regelen er smålotteri til inntekt for 17.mai-arrangement. Alle inntektene frå lotteriet skal då gå til avvikling av arrangementet i seg sjølv, og ikkje til andre føremål i, eller i regi av, skule, skuleklasse og foreldrerådets arbeidsutval.