Før du skal arrangere eit smålotteri må du sjekke om du tilfredsstiller krava for å arrangere lotteriet. Deretter må du melde inn smålotteriet og til slutt rapportere omsetningen for lotteriet.

Eit smålotteri er eit lotteri med årleg omsetning på inntil 200 000 kroner.

Kven kan arrangere smålotteri?

Lokale frivillige lag, og humanitære og samfunnsnyttige organisasjonar kan arrangere lotteri for å skaffe inntekter til formålet sitt.

Offentlege institusjonar, som skular, skuleklassar og foreldrearbeidsutval kan ikkje halde smålotteri. Russegrupper er heller ikkje godkjende til å halde smålotteri fordi dei ikkje blir rekna som ein ideell og frivillig organisasjon.

Krav for å arrangere smålotteri

Her er nokre av krava for å arrangere smålotteri:

  • Innmelding av lotteriet skal skje 14 dagar før loddsalget startar.
  • Samla omsetning på smålotteriet kan ikkje vere over 200 000 kroner pr. kalenderår.
  • Lotteriet må vere basert på tradisjonelle lodd eller loddbøker.
  • Skrapelodd kan ikkje brukast i smålotteri.
  • Gevinstar skal trekkjast på førehand eller i etterkant på ein bestemt dato.
  • Loddsalet skal berre skje i ein periode som er bestemt på førehand.
  • Inntektene frå lotteriet kan ikkje gå til kommersiell verksemd eller privatpersonar.
  • Pengepremiar og alkohol kan ikkje brukast som gevinst i lotteriet.
  • Gåvekort kan brukast som gevinst så lenge desse berre kan vekslast inn i varer og ikkje direkte i kontantar.
  • Dersom loddsalget har starta kan ein ikkje utvide salgsperioden eller omsetningen.
  • Eit nytt lotteri kan ikkje bli starta opp før det gamle er rapportert. Søknad om nytt lotteri må registrerast.

I tillegg tilrår at vi at gevinstverdien bør utgjere minst 25 prosent av planlagt omsetning.

Covid-19-unntak:

Smålotteri skal tradisjonelt vere lotteri basert på loddsal ved bruk av papirlodd eller loddbok (nummerert). Det er ikkje høve til digitalt lotteri. På grunn av covid-19 har vi gjort eit mellombels unntak frå denne regelen ved at loddkjøpar kan meddele per melding på Facebook eller Vipps at de ønskjer å kjøpe lodd. Ansvarleg arrangør (f.eks. idrettslaget, korpset el.) er då ansvarleg for å registrere loddkjøpar i eit dokument (f.eks. Excel, Word, loddbok) med namn og antal lodd. Kvart lodd skal ha eit unikt loddnummer. De kan sjølv trekke ut frå ei slik liste. Loddkjøpar skal på spørsmål få sjå at dei er registrerte med rett antal lodd i dette dokumentet.

Meld inn lotteriet

NB: Ikkje bruk Internet Explorer då skjemaet ikkje fungerer i denne nettlesaren.

Registrer smålotteri her.

Dersom vi ikkje godkjenner lotteriet vil du få skriftleg vedtak tilsendt innan 14 dagar etter at du søkte.

Når lotteriet er ferdig

Når lotteriet er avslutta, rapporterer du inn omsetninga innan ein månad etter loddsalet er over. Du rapporterer ved hjelp av smålotterinummeret du fekk ved registrering.

Rapporter avslutning av smålotteri her.

Dersom du ikkje kan bruke løysinga for elektronisk innmelding, kan du laste ned og fylle ut papirversjonen av meldings- og rapportskjema for smålotteri, og sende det som vedlegg til e-post, eller som vanleg post.

Har du spørsmål?  Ta kontakt.