Lotteri- og stiftelsestilsynet betaler i veke 50 ut over 940 millionar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar. Dette er over 320 millionar kroner meir enn i 2012.

Sakshandsaminga er avslutta, og det kom inn i alt 1 079 søknader om å få 1,423 milliard kroner i momskompensasjon. 919 søknader er godkjende med eit samla beløp på 1,347 milliard kroner. Alle søkjarane får kompensasjonen avkorta med 30 prosent, og samla utbetalt beløp blir på 940,9 millionar kroner.

Sjå oversikt over søkjarar og tildelt beløp for 2013.

Mindre avkorting i år

Avkortinga blir i år på 30 prosent og for første gong sidan ordninga kom i gang er den på  mindre enn 50 prosent. Grunnen til det er først og fremst at ramma for ordninga vart auka med 320 millionar kroner i 2013. Dette betyr at fleire får meir pengar enn før.

– Dette er ei ønskt og god utvikling, seier seniorrådgjevar Bjarne Hellem i Lotteri- og stiftelsestilsynet, – vi er også svært nøgde med at endå fleire enn i fjor søkjer elektronisk, berre ni prosent sender søknaden i posten, mot 14 prosent i fjor.

I forslag til Statsbudsjett for 2014 er det gjort framlegg om å auke ramma for momskompensasjonen opp til 1,2 milliard kroner. Dette vil redusere avkortingsprosenten endå meir neste år.

Alle som har fått godkjent søknaden sin, får brev om dette i desse dagar. Det same gjeld for alle som får avslag.

Det går mest til det lokale nivået

Lokalledda får 47 prosent av tildelt beløp og regionalledda 12 prosent viser oversikten for 2013. Berre 17 prosent går til sentralledda, og enkeltståande søkjarar får 24 prosent.

– Dette viser at mesteparten av momskompensasjonen går til det lokale nivået. Stadig fleire lag deltek i ordninga. Vi har registrert over 1000 fleire lokallag som får kompensasjon samanlikna med 2012. Dette er gledeleg fordi vi har som mål å nå flest mogeleg lokale lag og foreiningar, seier seniorrådgjevar Bjarne Hellem.