Ber utanlandske spelselskap følgje norsk lov
Lotteritilsynet har sendt brev til ein del spelselskap som frå utlandet tilbyr pengespel ulovleg til nordmenn på nettet. Brevet er også sendt til kjende norske personar som marknadsfører slike spel i strid med det norske lovverket.
I brevet blir spelselskapa bedne om å tilpasse sin aktivitet til dei lover og reglar som gjeld for pengespel og marknadsføring av pengespel i Norge. Det same gjeld dei norske talspersonane for spelselskapa.
Er ikkje lovlege i Norge
– Lotteritilsynet har den seinare tid registrert auka pågang og marknadsføring frå ein del av desse selskapa. Nokre av selskapa har også offentleg gitt uttrykk for at dei driv i tråd med norsk lov, og det er feil, seier Atle Hamar som er direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Forbodet rammar utanlandske spelselskap som tilbyr pengespel på internett frå utlandet dersom dei rettar pengespel mot norske spelarar. Det gjer disse selskapa blant anna ved å ha nettsider med norsk tekst, dei tilbyr spel i norske kroner og dei har representantar i Norge.
Trur dei er lovlege
– Samstundes har vi inntrykk av at mange nordmenn ikkje er klar over at utanlandske nettspelselskap tilbyr sine spel uten løyve i Norge. Det er viktig å få fram at desse selskapa ikke kan tilby pengespel i Norge, seier Atle Hamar
Dei utanlandske nettspelselskapa brukar i stadig større grad kjende nordmenn som talsperson eller såkalla ambassadør i eit forsøk på å marknadsføre spela i Norge. Desse personane bidreg dermed til ulovleg marknadsføring.
– I brevet gjer vi det klart at det kan bli aktuelt å reagere direkte mot desse personane dersom ikkje den ulovlege marknadsføringa opphører, seier Atle Hamar.
Du kan også lese brevet til spelselskapa på engelsk.