Atle Hamar

Atle Hamar er direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Lotteritilsynet har sendt brev til ein del spelselskap som frå utlandet tilbyr pengespel ulovleg til nordmenn på nettet. Brevet er også sendt til kjende norske personar som marknadsfører slike spel i strid med det norske lovverket.

I brevet blir spelselskapa bedne om å tilpasse sin aktivitet til dei lover og reglar som gjeld for pengespel og marknadsføring av pengespel i Norge. Det same gjeld dei norske talspersonane for spelselskapa.

Er ikkje lovlege i Norge

–  Lotteritilsynet har den seinare tid registrert auka pågang og marknadsføring frå ein del av desse selskapa. Nokre av selskapa har også offentleg gitt uttrykk for at dei driv i tråd med norsk lov, og det er feil, seier Atle Hamar som er direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Forbodet rammar utanlandske spelselskap som tilbyr pengespel på internett frå utlandet dersom dei rettar pengespel mot norske spelarar. Det gjer disse selskapa blant anna ved å ha nettsider med norsk tekst, dei tilbyr spel i norske kroner og dei har representantar i Norge.

Trur dei er lovlege

– Samstundes har vi inntrykk av at mange nordmenn ikkje er klar over at utanlandske nettspelselskap tilbyr sine spel uten løyve i Norge. Det er viktig å få fram at desse selskapa ikke kan tilby pengespel i Norge, seier Atle Hamar

Dei utanlandske nettspelselskapa brukar i stadig større grad kjende nordmenn som talsperson eller såkalla ambassadør i eit forsøk på å marknadsføre spela i Norge. Desse personane bidreg dermed til ulovleg marknadsføring.

– I brevet gjer vi det klart at det kan bli aktuelt å reagere direkte mot desse personane dersom ikkje den ulovlege marknadsføringa opphører, seier Atle Hamar.

Du kan også lese brevet til spelselskapa på engelsk.