Omlag 19.000 frivillige lag og organisasjonar får i desse dagar momskompensasjon på totalt 1,19 milliardar kroner.

Godkjent søknadsbeløp i 2014 er på 1,4 milliardar kroner mot 1,3 millliardar i 2013, og rundt 1000 fleire lokallag får kompensasjon i 2014 enn i 2013.

Avkortinga er i år på 17 prosent mot 30 prosent i fjor. Det betyr at organisasjonane får meir midlar til frivillig aktivitet.

Utbetaling skjer 12. desember. Sentralledd som har søkt på vegne av underledd fordeler pengane vidare etter eigne rutiner.

Her finn du oversikt over søkjarar og tildelt beløp i 2014.

Sjå også pressemelding frå Kulturdepartementet.