lotteriMå ha godkjenning

Lag og organisasjonar må godkjennast før dei kan få løyve til å hente inntekter frå bingo og store lotteri med omsetning over 200 000 kroner. Organisasjonar og foreiningar som har eit humanitært eller samfunnsnyttig formål kan få slik godkjenning. Typiske døme på dette er skulekorps, idrettslag, hjelpekorps og ulike interesseorganisasjonar.

Lotteriregisteret viser kven som har godkjenning som lotteriverdig organisasjon, og som kan søke om løyve til å ha bingo eller store lotteri med omsetning over 200 000 kroner.
Sjå også kva plikter du har som lotteriverdig organisasjon.

Humanitært eller samfunnsnyttig

I praksis gjeld ikkje omgrepet humanitært eller samfunnsnyttig formål som er typiske offentlege oppgåver, som for eksempel vedlikehald av skular og kyrkjer. Det gjeld heller ikkje aktivitet med kommersielt tilsnitt, privatøkonomiske tiltak og hobby- og fritidsforeiningar for vaksne.

Ved dei fleste godkjenningar av hobby- og fritidsforeiningar stiller vi difor særvilkår om at lotteriinntektene skal gå til den delen av aktiviteten som gjeld born og unge under 18 år. Det kan også vere andre særvilkår, f. eks. at lotteriinntektene må gå til den delen av aktiviteten som gjeld drift av grendehus.

Utanlandsaktivitet

For organisasjonar som søker om løyve til lotteri med årleg omsetning inntil 300 millionar kroner (jmf. lotteriforskrifta §7), er det eit tilleggskrav at organisasjonene har internasjonal aktivitet som utgjer minst 50% av organisasjonens samla rekneskapsførte driftskostnader. Denne aktiviteten må i tillegg utgjere minst 20 millionar kroner årleg.

Søknad om godkjenning

Det er Lotteritilsynet som etter søknad gir godkjenning som lotteriverdig organisasjon. Dersom du vil søke om slik godkjenning skal du bruke Lotteritilsynets søknadsskjema i ALTINN, eller du kan laste ned PDF-skjema som du finn i skjemaoversikten vår.

Organisasjonen må ha organisasjonsnummer i Einingsregisteret for å bli godkjend. Når du søker må du legge ved søknaden vedtekter samt datert og underskriven kopi av siste godkjende årsrekneskap og årsmelding.

Les også om plikter som lotteriverdig organisasjon.

Har du spørsmål?  Ta kontakt.