Som lotteriverdig organisasjon plikter du å melde frå til Lotteritilsynet dersom det skjer vesentlege endringar samanlikna med opplysningane i den opphavlege søknaden om godkjenning. Dette må de gjere innan to veker etter at endringa skjedde. Døme på slike endringar kan vere vesentleg nedgang i foreininga sitt aktivitetsnivå/medlemstal. Dersom endringane gjer at de ikkje lenger oppfyller vilkåra for lotterigodkjenning, kan Lotteritilsynet kalle tilbake godkjenninga.

Rekneskapsrapportering

Lotteriverdige organisasjonar skal kvart år (innan 1. juni) sende ein enkel rekneskapsrapport for verksemda på fastsett skjema til Lotteritilsynet. I tillegg må de spesifisere bruken av lotteriinntekter. Vi sender ut informasjon om skjema og rapporteringsfristar i april/mai kvart år. Dersom de ikkje gjer denne rapporteringa, kan Lotteritilsynet kalle tilbake organisasjonen si godkjenning og eventuelle lotteriløyve.

Bruk av lotteriinntekter

Organisasjonen pliktar å bruke lotteriinntektene i samsvar med eigne vedtekter og eventuelle særvilkår som er sett i godkjenninga frå Lotteritilsynet. Lotteritilsynet gjennomfører stikkprøvekontroll av organisasjonens bruk av lotteriinntekter.

Rekneskapsføring

Organisasjonen må føre rekneskap i eit ordentleg og oversiktleg system. Alle transaksjonar skal bokførast på en måte som gjer det mogeleg å vurdere inntekter, kostnadar, eigedelar og gjeld i foreininga.

Godkjenningsgebyr

Organisasjonen må betale eit eingongsgebyr på 1300 kr for godkjenning og registrering i Lotteriregisteret.