Kapitalendring
Dersom ein stiftelse endrar det beløpet som grunnkapitalen er oppført med i vedtektene, blir det rekna som ei vedtektsendring. Dei ordinære reglane for vedtektsendring gjeld likevel ikkje for kapitalendringar, jf. stiftelseslova § 45 tredje ledd bokstav a. I staden gjeld særreglane i §§ 16 og 17. Etter første ledd i særreglane er det ei avgrensing i styret sitt høve til å auke eller redusere grunnkapitalen.
Dersom det går fram av vedtektene at grunnkapitalen er bunden, eller det på annan måte er klart at kapitalendringar er i strid med opprettaren sine føresetnader, må stiftelsen først søkje om omdanning av vedtektene etter dei ordinære reglane for vedtektsendringar.
Alminnelege stiftelsar
I ein alminneleg stiftelse er ikkje grunnkapitalen bunden etter lova. Ei avgrensing i høvet til å dele ut av grunnkapitalen må difor gå fram av vedtektene. Dersom ei slik avgrensing ikkje går fram av vedtektene, kan styret vedta reduksjon i kapitalen. Melding om dette skal sendast Stiftelsestilsynet.
Dersom vedtektene derimot inneheld eit punkt om at grunnkapitalen er bunden, kan ikkje styret vedta å setje ned grunnkapitalen. Stiftelsen må då følgje framgangsmåten i dei ordinære reglane for vedtektsendringar, jf. kapittel 6 i stiftelseslova.
Ved kapitalauke i alminnelege stiftelsar skal melding sendast til Stiftelsesregisteret via Stiftelsestilsynet.
Næringsdrivande stiftelsar
I ein næringsdrivande stiftelse er grunnkapitalen bunden etter lova, jf. stiftelseslova §§ 22 og 24. Dette fører med seg at stiftelsen ikkje kan gjere utdelingar dersom ikkje stiftelsen sin eigenkapital overstig stiftelsen sin grunnkapital. Næringsdrivande stiftelsar må vende seg til Foretaksregisteret ved spørsmål om nedsetting av grunnkapitalen.
Dersom det i stiftelsen sine vedtekter går fram at deler av anna eigenkapital er bunden, må styret vurdere om dette medfører at stiftelsen først må søkje omdanning av vedtektene etter dei ordinære reglane for vedtektsendring, jf. kapittel 6 i stiftelseslova.
Ved kapitalauke i næringsdrivande stiftelsar skal melding sendast til Foretaksregisteret.
Les meir om
Send melding om kapitalendringDersom du ikkje tilgang til Altinn, kan du framleis sende søknad til postmottak@lottstift.prod.dekodes.no eller til
Stiftelsestilsynet, Postboks 800, 6805 Førde.
Tips
Sjå våre hjelpeskjema og malar for oversikt over nødvendige vedlegg til melding om kapitalendringar, rettleiingar, og malar/forslag til styreprotokollar i samband med ulike typar kapitalendringar.
Har du fortsatt spørsmål? Gå til «spørsmål og svar», eller ta kontakt.