Når vi snakkar om kapitalauke, er det etter lova tale om ein av desse situasjonane:

  • Ny eigenkapital blir overført til grunnkapitalen.
  • Stiftelsen blir tilført midlar etter oppretting, anten som gåve, ved testament eller ved annan einsidig disposisjon. Dette er avhengig av at den som overfører midlane, ikkje har teke atterhald om eller på annan måte klart har føresett at midlane ikkje skal gå inn som grunnkapital i stiftelsen.

Reglane om auke av grunnkapitalen følgjer av stiftelseslova § 16, og slik er saksgangen:

  1. Styret gjer vedtak om å auke grunnkapitalen. Vedtaket må ikkje stri mot formålet til stiftelsen, vedtektene eller opprettaren sine føresetnader elles.
  2. Styret melder kapitalauken til Stiftelsestilsynet, eventuelt Føretaksregisteret, innan seks veker etter styrevedtaket. Dersom dette ikkje blir gjort, er ikkje kapitalauken gyldig.

Meldinga til Stiftelsestilsynet må innehalde desse vedlegga:

  • styreprotokoll (jf. stiftelseslova § 31 siste ledd) som viser
    – beløpet grunnkapitalen skal aukast med, og størrelsen på grunnkapitalen før og etter auken
    – om auken skjer ved overføring frå annan eigenkapital (jf. § 16 andre ledd bokstav a) eller ved tilføring av midlar frå andre etter opprettinga av stiftelsen (jf. § 16 andre ledd bokstav b)
  • revisorerklæring som stadfestar at midlane er stilt sjølvstendig til disposisjon for stiftelsen, når grunnen til kapitalauken er som nemnt i § 16 andre ledd bokstav b
  • reviderte vedtekter

Tips

Sjå våre hjelpeskjema og malar for oversikt over nødvendige vedlegg til melding om kapitalendringar, rettleiingar, og malar/forslag til styreprotokollar i samband med ulike typar kapitalendringar.

Har du fortsatt spørsmål? Gå til «spørsmål og svar», eller ta kontakt.