Kapitalnedsetjing
Reglane om nedsetjing av grunnkapitalen følgjer av stiftelseslova § 17, og slik er saksgangen:
- Styret gjer vedtak om å setje ned grunnkapitalen. Vedtaket må ikkje stri mot formålet til stiftelsen, vedtektene eller opprettaren sine føresetnader elles.
- Dersom beløpet skal overførast til annan eigenkapital, må stiftelsen varsle kreditorane før kapitalnedsetjinga kan tre i kraft. Då gjeld reglane i aksjelova § 12-6.
- Styret melder kapitalnedsetjinga til Stiftelsestilsynet, eventuelt Føretaksregisteret, innan seks veker etter styrevedtaket. Dersom dette ikkje blir gjort, er ikkje kapitalnedsetjinga gyldig.
Meldinga til Stiftelsestilsynet må innehalde desse vedlegga:
- styreprotokoll (jf. stiftelseslova § 31 siste ledd) som viser
– beløpet grunnkapitalen skal setjast ned med, og størrelsen på grunnkapitalen før og etter kapitalnedsetjinga
– om midlane skal brukast til å dekkje tap som ikkje kan dekkjast på annan måte (jf. § 17 andre ledd bokstav a), eller til overføring til annan eigenkapital (jf. § 17 andre ledd bokstav b) - reviderte vedtekter
Dersom beløpet som grunnkapitalen blir sett ned med, skal brukast til å dekkje tap, trer kapitalnedsetjinga i kraft når meldinga til Stiftelsestilsynet (eventuelt til Føretaksregisteret) er registrert.
Tips
Sjå våre hjelpeskjema og malar for oversikt over nødvendige vedlegg til melding om kapitalendringar, rettleiingar, og malar/forslag til styreprotokollar i samband med ulike typar kapitalendringar.
Har du fortsatt spørsmål? Gå til «spørsmål og svar», eller ta kontakt.