Har du fått SMS om digital post frå oss dei siste dagane? Lotteri- og stiftelsestilsynet har gått over til å sende post digitalt til alle våre brukarar, noko vi også informerer om i digitale brev denne veka. Satsinga er i tråd med regjeringas digitaliseringsprogram om digital kommunikasjon som førsteval i samhandlinga mellom det offentlege, innbyggarar og næringsliv.

Korleis mottar du posten framover?

  1. Posten blir distribuert frå oss via tenesta SvarUt til din meldingsboks i Altinn eller til den enkelte sin postkasse hos Digipost eller eBoks.
  2. Lag, organisasjonar og verksemder kan lese dokument elektronisk i min meldingsboks på Altinn via rolla Post/arkiv. Varsel blir sendt på SMS eller e-post.

Merk deg at dokument som ikkje er opna i Altinn to yrkedagar etter at dokumentet er tilgjengelig i meldingsboksen, blir skrivne ut og sendt via Posten. Det er også mogleg å reservere seg mot å få posten digitalt dersom du er privatperson.

Er du feil kontaktperson eller treng hjelp til innlogging, navigering, delegering av roller eller anna knytt til bruk av Altinn, må du kontakte Altinn brukerservice.

Les også avdelingsdirektør i administrasjonen Bjørn Morten Øen sin fagblogg om endringa.