Svak nedgang for bingo første halvår 2016
Bingoomsetninga går ned
Entreprenørbingo omsette for 1,9 milliardar kroner første halvår 2016. Til samanlikning var tilsvarande omsetning 4,1 milliard for heile 2015. Til lag og organisasjonar vart det i første halvår 2016 overført 95 millionar kroner eller 5 prosent av brutto omsetning. Tilsvarande var overføringa 205 millionar kroner i 2015.
Liten auke for Belago
Norsk Tippings Belago-terminalar er utplassert i bingolokale, og formålsinntektene går til same formål som har inntekt frå dei andre spela i bingolokalet. I første halvår 2016 fekk formåla 30,6 millionar frå Belago. Tilsvarande tal var 59 millionar for heile 2015.