Bingostatistikk - entreprenørbingoBingospel i Norge over tid

For detaljerte tal og bingostatistikk for dei siste åra, bruk desse lenkene:

Nedanfor finn du grafisk oversikt over utviklinga av bingospel i Norge over tid etter 2015.

Bingo med entreprenør

Dette er arrangement der profesjonelle selskap (entreprenørar) driv bingo i eigne lokale, og overfører overskotet frå spelet til lag og organisasjonar (formål) som har avtale med entreprenøren. Oversikt over godkjende formål finn du i Lotteriregisteret.
Belago er namnet på Norsk Tippings  bingo-terminalar som står utplassert i bingohallar. Utplassering av desse starta hausten 2011. Overskotet frå Belago-terminalane går til dei same formåla som resten av overskotet frå bingoen.
Hovudspel er det eigentlege bingospelet, mens databingo og papirbingo samla blir omtala som sidespel.
Databingo har alltid hatt størst omsetning i bingoane, mens papirbingo berre utgjer ein liten del av omsetninga.

Bingo uten entreprenør

Dette er arrangement det lag og foreiningar (formål) sjølve står for gjennomføring av spelet. Dei fleste slike bingoar er omtalt som foreiningsbingo eller bygdebingo. I tillegg er også bingo gjennom lokalradio og lokalfjernsyn medrekna her.