Tre av fire nordmenn er lei av dei store mengdene pengespelreklame som møter dei på TV,  i nettaviser, i mailboksen eller på telefon – og éin type marknadsføring er spesielt farleg, viser ein fersk rapport.

Rapporten om kva effekt marknadsføring har på spelarane, laga av Rambøll Management Consulting, fekk Lotteritilsynet utarbeidd i 2018.

– Denne rapporten er eit ledd i det kontinuerlege arbeidet med å bygge kunnskap om heile pengespelområdet, seier seniorrådgjevar i Lotteritilsynet, Lars Petter Degnepoll.

Rapporten viser er at den direkte marknadsføringa, som spelaren får på sms eller e-post, er den farlegaste, fordi den oppfordrar sterkast til spel.

Marknadsføring er stadig ein omstridd del av pengespelpolitikken, og Lotteritilsynet brukar kunnskapen i arbeidet både med dei lovlege norske aktørane, og i arbeidet med å stogge reklamen frå dei utanlandske pengespelselskapa utan løyve i Noreg. Heile rapporten les du her.

Ny handlingsplan mot speleproblem

Krafttaket mot speleproblem held fram. Rett før jul vedtok regjeringa ein ny handlingsplan mot speleproblem for åra 2019-fram til 2021 . Planen sikrar eit langsiktig og systematisk arbeid med førebygging av problematisk spel.

Lotteritilsynet har leia arbeidet med forslaget til planen og samarbeidd med Helsedirektoratet og Medietilsynet. Førebyggande informasjonsarbeid, ei felles nordisk undersøking om speleåtferd og utvikling av ein app som skal hjelpe spelarar er berre nokre av tiltaka.

Big Data og speleansvar

– Spelselskapa samlar inn enorme data om kundane sine. Dei veit kor mykje du spelar, kva spel som fenger akkurat deg, og dei veit også om du viser teikn på overdriven eller problematisk spel. Denne kunnskapen må spelselskapa bruke til å tilby pengespel på ein mest mogleg ansvarleg måte, seier avdelingsdirektør Henrik Nordal i Lotteritilsynet.

Norsk Tipping har lenge vore langt framme, men også Norsk Rikstoto har komme langt på dette området i 2018. Dette pregar Lotteritilsynets arbeid med ansvarlege spel, og var også hovudtemaet på Speleansvarskonferansen 2018. I tillegg til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, var også MrGreen, eit utanlandsk pengespelselskap utan løyve i Noreg på konferansen. Dei fortalde om korleis dei brukar data til å overvake spelarane sine. Alle dei tre selskapa er langt framme når det gjeld kunnskap om spelarane, og tilbyr spelarane verktøy som skal bidra til ansvarleg spel.

Den store skilnaden er at det er obligatorisk å bruke verktøya hos dei norske selskapa. Ein anna vesentleg forskjell er at Norsk Tipping, som tilbyr liknande online-spel som MrGreen og andre utanlandske spelselskap, har ei maksimal tapsgrense på 10 000 kroner i månaden på dei hurtigaste spela. Dei uregulerte aktørane har ikkje absolutte tapsgrenser og du risikikerer å tape svært mykje pengar på kort tid. Samla gjer dette dei norske lovlege spela, mykje meir ansvarlege enn spela dei utanlandske spelselskapa tilbyr.