Slik hoppar utanlandske pengespelselskap bukk over norske reglar.

Medietilsynet og Lotteritilsynet er i fellesskap sett til å regulere det eksistarende forbodet mot spelreklame frå ikkje-godkjende aktørar på TV-kanalar i Noreg. Det er med andre ord viktig å understreke at det etter lotteri- og pengespelovgjevinga allereie er forbode å reklamere for pengespel som ikkje har løyve i Noreg.

I Noreg er det Norsk Tipping, Norsk Rikstoto og enkelte private lotteri som har lov til å reklamere for pengespel. Det er eit uttalt politisk mål at vi skal kanalisere pengespel til aktørar som følgjer strenge reguleringar for å hindre, og ikkje minst tidleg oppdage, mogleg speleavhengigheit. Pengespel er vanedannande, og dei personlege tragediane som følgjer av speleproblem er store og kan ramme mange. Dette er eit problem vi må ta på alvor.

Vanskeleg å stoppe

Utfordringa med dagens regelverk er at medieaktørar som sender TV-innhald frå andre land enn Noreg, vanskeleg kan stoppast av norske reguleringer. Det betyr at TV-kanalar med eit klart norsk innhald og publikum kan etablere seg utanfor Noregs grenser, hoppe bukk over norske reglar, og hauste inntekter frå pengesterke aktørar som andre norske TV-kanalar ikkje kan inngå avtaler med.

Det medfører at det norske publikum blir eksponert for pengespelreklame sjølv om vi har forbod mot slik reklame her i landet. Dette er også konkurransevridande og går utover medieaktørene som følgjer norsk lov. Å hindre distribusjon av ei reklameform som etter norsk lov er forbode, kan bidra til at alle som rettar seg mot det norske publikum får like spelereglar.

Regjeringa foreslår lovendring

Med dette som bakgrunn sende regjeringa i mars 2019 ut forslag til endring av kringkastingslova som kan stanse pengespelreklame frå utlandet. I forslaget ligg også DNS-varsling, og Lotteritilsynet er godt nøgde med dette fordi det vil få god effekt og beskytte sårbare spelarar i Noreg.
(sjå pressemelding frå Lotteritilsynet.)

Stor marknad

Kva marknad snakkar vi så eigentleg om? Medietilsynet har følgt utviklinga av pengespelreklame på TV frå utlandet sidan 2013. Totalt er marknaden på litt over ein milliard kroner brutto i året, ifølgje tal frå Nielsen Media Research. Den reelle summen er lågare på grunn av rabattar på annonsering.

Det er i hovudsak selskap som sender frå Storbritannia som rettar seg mot den norske marknaden, for eksempel TV 3, FEM og MAX. TV-kanalane som sender frå Storbritannia er meir avhengig av inntekter frå pengespelbransjen enn dei norske kanalene. 18,4 prosent av dei utanlandske kanalane sine reklameinntekter kjem frå pengesel, mot 2,5 prosent for dei norske kanalene.

Å hindre norske TV-distributørar i å formidle utanlandsk pengespelreklame i Noreg, handlar ikkje om å ønskje denne type reklame eller ikkje. Det handlar om det skal være mogleg å stoppe noko som allereie er ulovleg etter norsk pengespellovgjeving, og om å sikre at alle som rettar seg inn mot eit norsk publikum følgjer norske reglar.