Utanlandske pengespelselskap hevdar dei har løyve til å tilby sine tenester innafor EØS-området. Det er feil.

Når vi på ulike måtar slår til mot utanlandske spelselskap, så gjer vi det med utgangspunkt i norsk pengespellovgjeving. Fleire av dei utanlandske spelselskapa utan løyve i Noreg, bryr seg ikkje. Dei svarar oss, media og publikum med at dei har lisens på Malta og derfor har løyve innanfor EØS-området. Det er feil.

Kort sagt: Desse selskapa opptrer ulovleg. Her er kvifor:

Lova krev løyve i Noreg

Det er forbode å tilby pengespel på den norske marknaden utan å ha løyve frå norske myndigheiter. Dette går fram av lotterilova § 6 første ledd og pengespellova § 2 første ledd. Forbodet rammar alle pengespel som blir tilbydd frå Norge. Vidare rammar forbodet alle pengespel som er retta mot den norske marknaden frå utlandet.

Pengespeltenester er ikkje harmonisert innanfor EU/EØS-området. Ein tenesteleverandør som er etablert i eit EØS-land har altså ikkje noko rettskrav på å kunne tilby sine pengespeltenester uhindra i eit kvart anna EØS-land. Rettspraksis frå EU-domstolen og EFTA-domstolen gir medlemslanda ein vid skjønnsmargin til å fastsette eigne reguleringar på pengespelområdet. Desse kan innebere restriksjonar i tilgangen til å tilby pengespel, men også i tilgangen til å drive anna tilknytta verksemd, som for eksempel marknadssføring av pengespeltenester.

Slike restriksjonar må likevel vere grunngjevne i legitime omsyn, og tiltaket må vere eigna og nødvendig for å nå dei legitime omsyna. Einerettsmodellen er ein berettiga restriksjon, og er ikkje i strid med Noregs plikter etter EØS-avtalen. Dette er også slått fast i fleire rettsavgjerder.

Gjeld også marknadsføring

Etter lotterilova og pengespelova er det også forbode å marknadsføre og formidle lotteri og pengespel som ikkje har løyve i Noreg. Marknadsførings- og formidlingsforbodet rammar all aktivitet som blir iverksett for å fremje omsetninga av pengespel som ikkje har løyve i Norge. Dette er uavhengig av om marknadsføringa eller formidlinga skjer mot vederlag eller ikkje. Ei grense går likevel mot ytringar som er verna av grunnlovas prinsipp om ytringsfridom.

Gjeld også betalingsformidling

Betalingsformidling av innsats og gevinst til pengespel som ikkje har løyve i Noreg er forbode. Dette går fram av lotterilova § 7 og § 11 og pengespellova § 2. Føremålet med lotterilova og pengespellova er å sikre eit kontrollert og ansvarleg tilbod av pengespel i Noreg.

Lotterilova § 1a og pengespellova § 1 slår fast at formålet med reguleringa er å sikre at pengespel blir arrangert i trygge former under offentleg kontroll, med sikte på å førebygge negative sosiale konsekvensar. Samtidig legg reguleringa til rettes for at overskot frå spela kan vere ei god inntektskjelde for samfunnsnyttig og humanitært arbeid.

Merkeleg dobbeltkommunikasjon

Det er eit paradoks at dei utanlandske spelselskapa kommuniserer at dei har lov å tilby sine spel i Noreg, samstundes som dei har lisens eller søker lisens i både Danmark og Sverige. Dei utfordrar samtidig våre svenske og danske kollegaer i Spelinspektionen og Spillemyndigheten til å vere strenge med å halde selskap utan lisens ute av marknaden. Kvifor gjer dei det om dei meiner dei har EU/EØS-lisens?

Deira dobbeltkommunikasjon burde bekymre fleire enn oss. Det er eigna til å skape forvirring om kva som gjeld i Noreg. Det utfordrar eit lovlig norsk marked, forvirrar norske forbrukarar og dei tilbyr nordmenn uregulerte spel utan vern frå norske myndigheiter. Det kan vi ikkje sitte stille å sjå på.