Kvart år nyt nordmenn godt av både økonomiske bidrag og verdifulle initiativ frå norske stiftelsar. Men berre halvparten av befolkninga veit om ein. Ei utfordring, meiner Stiftelsestilsynet.

Ei landsrepresentativ undersøking Respons Analyse gjorde på oppdrag frå Stiftelsestilsynet i 2019 viser at berre halvparten (54%) av befolkninga kjenner til ein eller fleire stiftelsar. Det trass i at det ifølge Stiftelsesregisteret er rundt 6600 aktive stiftelsar i Noreg i dag. 

– Norske stiftelsar bidreg kvart år med over fire milliardar kroner til mellom anna kultur, friluftsliv, helse, utdanning og forsking. I tillegg kjem verdifulle initiativ som ikkje er reine økonomiske tildelingar. Dei fleste av oss omgir oss med stiftelser dagleg. Difor er det noko overraskande at det er så mange nordmenn som ikkje kjenner til ein stiftelse, seier Siw Heggedal Longvastøl, avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet.  

I 2019 sette Stiftelsestilsynet i gong ei temaundersøking, der målet er å kartlegge korleis alle norske stiftelser bidreg til samfunnet.  

-Å vise norske stiftelsars bidrag til samfunnet er ein viktig del av jobben vår.

 – Eit tap for samfunnet vårt

Longvastøl meiner det er et poeng at ein del store organisasjonar som er godt kjende for nordmenn ikkje nødvendigvis kommuniserer at dei er organiserte som ein stiftelse, og då blir dei heller ikkje assosierte med det. Som døme nemner ho Aktiv mot kreft, SINTEF og Cicero.

Siw Heggedal Longvastøl er avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet

 – Men så lenge folk kjenner til det viktige arbeidet og samfunnsnytten, så er det sjølvsagt det aller viktigaste, seier Longvastøl. 

 Derimot meiner ho at den låge kjennskapen til stiftelsar i befolkninga representerer ei større utfordring knytt til mindre profilerte stiftelsar.  

 – Svært mange av desse stiftelsane tilbyr både økonomiske bidrag og gode initiativ som nordmenn som verkeleg treng det kanskje ikkje får nytte av dersom dei ikkje veit at dei eksisterer og at det er mogleg å søke om støtte. Dermed blir ikkje potensialet i stiftelsane utnytta til det fulle, noko som i neste omgang er eit tap for samfunnet vårt, seier Longvastøl. 

 Ho peikar også på andre uheldige konsekvensar av at ein såpass låg andel nordmenn kjenner til ein stiftelse: 

 – Kanskje kunne fleire brukt engasjementet sitt for noko ved å engasjere seg i ein eksisterande stiftelse eller opprette nye stiftelsar, som ville kome samfunnet vårt til gode? I tillegg kan dei vere med å sjå til at stiftelser driv forsvarleg og etter formålet, anten ved direktekontakt med stiftelsen eller ved å tipse oss i Stiftelsestilsynet? 

– Har ein jobb å gjere 

 Vidare viser undersøkinga at det særleg er blant dei yngste at kjennskapen til norske stiftelsar er låg. I aldersgruppa 16 til 24 år er det berre 3 av 10 som svarer at dei kjenner til ein stiftelse. 

 – Spennvidda i formåla til norske stiftelsar er enorm, og mange av dei er retta mot barn og unge. Det fortel oss at vi og stiftelsene sjølve har ein jobb å gjere med å gjere stiftelsar meir kjende og synlege. Særleg blant unge menneske, men også i befolkninga for øvrig. Mange av dei fantastiske initiativa og utdelingane som kjem frå norske stiftelsar skjer i det stille, men eg er sikker på at dersom dei ikkje hadde vore til, så hadde vi merka det godt i samfunnet vårt, seier Longvastøl. 

I undersøkinga vart respondentane også spurt om dei kunne nevne ein eller fleire stiftelsar. Stine Sofies Stiftelse er mest kjent for nordmenn – 24 prosent av dei som klarer å namngje ein stiftelse svarar dette, mens 13 prosent svarar Norsk Luftambulanse. Kavlifondet, Gjensidigestiftelsen og Olav Thon Stiftelsen og er også blant dei fem stiftelsane som er mest kjende for nordmenn. Rangert ut frå eigenkapital er dei to sistnemnde også dei to største stiftelsane i Noreg.