Det vart oppretta fleire minnestiftelsar etter sterke kvinner i 2019. - Ho hadde så mykje igjen ho skulle utrette, seier Susanne Kaluza i Stiftelsen Ingrid Aunes Minnefond.  

“Historien vise at verdia vi i dag e i ferd med å ta for gitt ikke alltid har vært like viktig.
Framtida vil vise at verdian ikke vil vær viktig hvis vi ikke står opp for dem i dag. Vi har alle et ansvar for å skape det Norge vi ønske oss.”

Dette sa Ingrid Aune i 17.mai-talen sin i fjor. Nokre veker etter døydde ho i ei båtulukke. Ho blei berre 33 år.

Det var brutalt, sjokkarta og altfor, altfor tidleg. Det var mange som stod Ingrid nær som følte det som meningslaust at alt det viktige arbeidet ho hadde starta på skulle stanse opp, seier Susanne Kaluza, som var nær venninne av Ingrid.

-Ingrid var glødande engasjert

For mange var Ingrid Aune kanskje mest kjent som Malviks yngste og første kvinnelege ordførar.  Ho meldte seg inn i AUF som 14-åring, og var mellom anna internasjonal leiar i AUF i Sør-Trøndelag og Oslo. Som 26-åring blei ho politisk rådgjevar i Forsvarsdepartementet, og deretter Utanriksdepartementet.

– Ingrid var genuint interessert, varmt og evig nysgjerrig menneske som tok vare på de folka hun møtte på sin vei, sier Susanne Kaluza. Her var de to på en demonstrasjon. (Foto: privat)

– Ingrid var glødande engasjert, særleg i saker knytt til jenters levekår, nedrusting og internasjonalt fredsarbeid. 

Fem dager etter at Ingrid Aune døydde oppretta vener av henne, i samråd med familien, Stiftelsen Ingrid Aunes Minnefond.

Ho hadde så mykje igjen ho skulle utrette. Slik kom ideen om å starte ein stiftelse som kunne vidareføre Ingrid sitt engasjement.

Kvart år på Ingrids fødselsdag vil stiftelsen dele ut Ingrid Aunes minnepris. Prisen skal gå til eit vitskapleg eller journalistisk arbeid som har bidratt til å setje fokus på temaa Ingrid var oppteken av: Nedrusting, fredsarbeid, likestilling og kvinner sine rettar i konflikt. 

tillegg vil vi dele ut utdanningsstipend slik at jenter som ønsker å til dømes reise på ein studietur, skrive ei mastergrad eller ei doktorgrad innanfor temaa Ingrid brant for kan få bistand som gjer det mogleg.

Fleire minnestiftelsar etter sterke kvinner

I 2019 blei det opprettet fleire minnestiftelsar etter sterke kvinner. 

-Vi kan gå fleire hundre år tilbake i tid for å finne minnestiftelsar, men vi ser at det er like verdifullt i dag, seier Øystein Fosstvedt i Stiftelsestilsynet. 

Eit søk i Stiftelsesregisteret viser at det finst fleire hundre minnefond.

Når nokon går bort kan arbeidet eller engasjementet halde fram i ein stiftelse, og slik er det noko som lev vidare, på ein måte, seier Fosstvedt

Maren Ueland blei drepen av terroristar i Atlasfjellene i Marokko i 2018. Eit år etter blei Maren Uelands stiftelse for dypere naturforståelse stifta. Stiftelsen skal fremje Maren Uelands økosofiske visjon, mellom anna ved å støtte urbefolkninga sin kulturarv og tiltak der natur og friluftsliv blir brukt til å fremje god psykisk helse.

VG- journalistane Thor Harald Eriksen og Eirik Linaker Berglund fekk Fritt Ords Pris for 2018 for reportasjen “Den mørke hemmeligheten”, og oppretta ein stiftelse i 2019. Reportasjen handlar om seksuelle overgrep mot barn og unge i Tysfjord, og for prispengane oppretta dei to journalistene Stiftelsen Anne Malenes Minnefond. Stiftelsen har fått namn etter Anne Malene Paulsen, for å heidre og anerkjenne livet hennar, og ønsket hennar om openheit om seksuelle ovegrep og krenkelsar. Anne Malene Paulsen var ei av dei som sjølv fortalde si historie. Ho tok livet sitt før historia om overgrepa i Tysfjord blei publisert.