Momskompensasjon til over 500 idrettsanlegg
Ordninga med momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg blir forvalta av Lotteritilsynet. I 2019 fekk vi 538 søknader med ein samla søknadssum på 294 millionar kroner. Det har vore ei jamn auke i tal søknader sidan 2010.
Godkjend søknadssum var 271 millionar kroner, og det blei då gitt full kompensasjon. Det betyr at alle som fekk godkjent søknaden sin, fekk utbetalt beløpet dei hadde søkt om. Vi avviste åtte søknader og avslo seks. Sju søkarar trekte dessutan søknadene sine.
-Nytt anleggsregister og elektronisk søknadsskjema har vore i bruk dei siste to åra. Erfaringa så langt er at det nye anleggsregisteret og søknadsskjemaet sikrar betre kvalitet på søknadene og gjer arbeidet enklare for saksbehandlarane. Det er lite skjønn knytt til denne saksbehandlinga, men det er framleis ein del tekniske manglar ved søknadene som krev oppfølging frå saksbehandlarane, seier seniorrådgivar Marianne Alværen Torset i Lotteritilsynet.
Auke i tal søknader, mindre søknadssum
Sjølv om tal godkjende søknader auka med 9 % frå 474 i 2018 til 517 i 2019, gjekk godkjend søknadssum ned med 33 millionar kroner, frå 304 millionar til 271 millionar, i 2019.
-Sidan den totale søknadssummen for søknadsåret blir påverka av om det blir søkt om kompensasjon for store anlegg, er det vanskeleg å seie noko om forventa søknadssum for 2020. I 2020 er ramma for ordninga på 194,5 millionar kroner. Dei siste sju åra har ein gitt ekstraløyvingar dersom ramma ikkje har vore stor nok til å dekke godkjent søknadsbeløp, seier Torset.