Stiftelsar i framtida må ha blikket ut
Annakvart år arrangerer vi Stiftelseskonferansen i Førde. Rett før påske i 2019 samla vi 220 deltakarar til den åttande konferansen i rekka. Temaet var “samarbeid i konkurransen – stiftelsar inn i framtida.”
-Stiftelsar bidreg til at privat og offentleg finansiering av oppgåver kan bli kopla saman, og utviklast til det beste for samfunnet. Utan stiftelsar ville vi hatt færre festivalar og eit fattigare kulturliv, mindre forsking og risiko for svekka ytringsfridom, seier avdelingsdirektør SIw Heggedal Longvastøl i Stiftelsestilsynet.
Korleis posisjonere seg best for framtida?
I stiftelsane er det det formålet som er eigar. Styret har ansvar for å maksimere verdiskapinga, men på ein forsvarleg måte. Er det også slik at det er konkurranse om verdiskapinga? I så fall, korleis kan styret posisjonere stiftelsen for å oppnå formålet i framtida?
Det var gode tilbakemeldingar på konferansen der deltakarane lot seg begeistre over Bård Vegard Solhjell og WWF sine utradisjonelle måtar å tenke samarbeid på, Inger Elise Iversen og Jan-Ole Hesselberg som fortalte om samarbeidet mellom Kavlifondet og Extrastiftelsen og Preben Carlsen i Sandkassa, som gav ei god innføring i dei raske endringane i samfunnet, delingsøkonomien og korleis vi best kan posisjonere oss for framtida. Dette var gode case å ta med seg til professor Lasse Lien sitt faglege oppspel til hovudtemaet: Korleis bli ein betre fiende for sine vener, og ein betre ven for sine fiendar.
-Vår jobb i Stiftelsestilsynet er å sikre at norske stiftelsar driv lovleg, men vi skal også bidra til at stiftelsar kan vere ein attraktiv måte å utvikle samfunnet på, seier Longvastøl. I 2019 har vi gått litt nye vegar med å dele kunnskap frå tilsynsarbeidet vår, vi utvikla også ein styretest for stiftelsar og rigga eigne temasider for å hjelpe stiftelsane i deira arbeid.
Lytte, låne og delta
Det er vanskeleg å vere god til mykje på ein gang. Med eit stadig høgare tempo og raske endringar rundt oss, vert også kostnadane med å henge med høgare om vi skal halde følgje aleine. Det er dessutan all grunn til å tru at det er mange smarte menneske utanfor eigen organisasjon, og at dei fleste gode ideane oppstår utanfor eigen sirkel. Ved å opne oss meir kan vi sikre oss betre idear og betre løysingar.
-Vi har tru på at alle kan spele kvarandre gode for å oppnå meir effekt. Vi trur også at aktørar utanfor eigen organisasjon kan bidra til å gjere oss betre, og slik gi auka verdi for formålet til stiftelsar eller til vårt samfunnsoppdrag, avsluttar Longvastøl.
Lytte, låne og dele vert difor stadig viktigare for oss alle i vår vidare utvikling, også for stiftelsane.