Det er to typar bingo

  • bingo med entreprenør – der entreprenør står for drifta medan lag og foreiningar får overskotet.
  • bingo utan entreprenør – der lag og foreiningar sjølve står for drifta, inkludert radio/TV-bingo.

Bingo med entreprenør 

Dette er arrangement der profesjonelle entreprenørar driv bingo i eigne lokale, og overfører overskot frå spel til ulike lag og organisasjonar

(MERK: For å søke i dokumenta trykk “aktiver redigering”. Deretter vel du “søk etter og merk” som du finn oppe til høgre i dokumentet).

Nøkkeltal for 2020

I tabellen nedanfor finn de nøkkeltal basert på rapporterte data i Lotteriregisteret, med informasjon frå bingorekneskap levert for 223 bingohallar fordelt på 48 bingoentreprenørar (seks bingohallar fekk løyve, men blei aldri sett i drift – det er då heller ikkje levert inn bingorekneskap).

Sjå nøkkeltal for entreprenørbingo. (excel-fil)

Meir detaljert oversikt om omsetning hovudspel i bingohall og på nett, samt datasidespel og papirsidespel, finn de i oversikt over bingorekneskap levert frå bingoentreprenørane.

Hovudspel og sidespel

Grunna covid-19, har bingohallar vore stengt i delar av 2020. Dette har påverka omsetninga samanlikna med 2019. Spel på hovudspel på nett har auka vesentleg frå 2019. For 2019 var det ei brutto omsetning på 39,6 millionar kroner i hovudspel på nett. For 2020 er dette auka til 206,3 kroner.

Entreprenørbingo omsette for 3,7 milliardar kroner i 2020. Gevinstdelen er samla 80,1 % prosent og netto omsetning er 737 millionar. Formåla sin del av netto omsetning utgjer 188,3 millionar kroner, dvs. 25,5 % (tal før fråtrekk av gebyr). Dette er redusert med 19,6 millionar kroner, dvs. ein reduksjon på 9,5 %, samanlikna med 2019.

I 2020 har 3 106 lag og foreiningar motteke overskot frå entreprenørbingo.

Med unntak av eit lokale, sto det ved utgangen av året databingoterminaler i all bingohallane. Vi reknar med at det var utplassert mellom 6 000 – 7 000 terminalar.

Belago

Norsk Tipping har Belago-terminalar utplassert i dei fleste bingolokale. Den 31.12.2020, var 1569 Belago-terminalar utplassert i 209 bingohallar. Overskotet frå dette spelet går til dei same formåla som har inntekt frå hovud- og sidespel i bingohallane. Delen som skal utbetalast til formåla, er 30 % av netto omsetning, jf. forskrift om fordeling av overskudd fra utbetalingsautomater oppstilt i bingohaller.

Når det gjeld Belago, er utbetaling til formåla redusert med 26 millionar, dvs. ein reduksjon på 39,4 %, samanlikna med 2019. I 2020 var det 3 058 organisasjonar som mottok overskot frå Belago.

Bingo utan entreprenør

Nøkkeltal 2020ForeningsbingoRadio/TV-bingoSum
Brutto omsetning2194,8115,8
- gevinstkostnad1433,547,4
Netto omsetning =761,368,3
- administrative kostnader2,66,99,5
Overskot til formål =4,454,458,8
Formåla sin del av brutto omsetning21,3 %57,3 %
Formåla sin del av netto omsetning63,8 %88,6 %
Gevinstprosent66,735,3

Samla sett har Radio/TV-bingo kome styrka ut av koronapandemien. Brutto omsetning har auka med 31,1 % frå 2019, og netto omsetning har ein auke på 48,8%.

Foreiningsbingo har redusert omsetning i 2020 samanlikna med 2019. Brutto omsetning er redusert med 59,3 % og netto omsetning med 59,4 %.

Av 139 løyve som var gitt i 2020, er det 16 løyve som ikkje har vore nytta grunna forhold knytt til koronapandemien. I tillegg er det levert inn 20 rekneskap med null i omsetning. Truleg er også dette løyve som ikkje har vore nytta i 2020.

Sjå omsetningstal og oversikt for utbetalingar til formål nedanfor: