Rapportér rekneskap
Rekneskapsrapportering for lotteriverdige organisasjonar
Alle organisasjonar som er godkjende som lotteriverdige skal rapportere rekneskap til Lotteritilsynet ein gong i året. Dette gjeld uansett om organisasjonen har hatt inntekt frå lotteri og bingo eller ikkje. Manglande rapportering kan føre til at godkjenninga blir sletta.
Fristen for å rapportere rekneskapstal for 2020 er 1.juni 2021.
Les meir informasjon og rapporter her. Organisasjonar som ikkje rapporterer innan fristen kan miste godkjenninga.
Rekneskapsrapportering for store lotteri
Organisasjonar som arrangerer store lotteri skal sende inn rekneskapsrapport etter at lotteriet er avslutta. Rapport for store lotteri leverer du via Lotteritilsynets rapporteringsskjema i ALTINN. Du kan også rapportere med papirskjema.
Rekneskapsrapportering for smålotteri
Smålotteri rapporterer rekneskap og avslutning her.
Rekneskapsrapportering for bingo
Entreprenørar og organisasjonar som sjølve arrangerer bingo, pliktar å sende inn rekneskapsrapport etter at bingoløyvet er ferdigspelt. Ved spel i pott med fleire organisasjonar skal rekneskapsrapportering og utbetaling gjerast ein gong i halvåret.
15. februar
- Frist for rekneskapsrapport frå bingoentreprenørar for 2. halvår året før.
- Frist for rekneskapsrapport frå foreiningsbingo i pott for 2. halvår året før.
- Frist for rekneskapsrapport frå foreiningsbingo utan pott for heile året før.
15. april
- Frist for rekneskapsrapport frå bingoentreprenørar for 1. kvartal inneverande år.
10. august
- Frist for bingoentreprenørar til å rapportere statistiske tal for føregåande år.
30. august
- Frist for rekneskapsrapport frå bingoentreprenørar for 1. halvår inneverande år.
- Frist for rekneskapsrapport frå foreiningsbingo i pott for 1. halvår inneverande år.
15. oktober
- Frist for rekneskapsrapport frå bingoentreprenørar for 3. kvartal inneverande år.
Rapport leverer du via Lotteritilsynets rapporteringsskjema i ALTINN.
Du kan også rapportere med papirskjema.
Har du spørsmål? postmottak@lottstift.prod.dekodes.no