I dag blir det betalt ut nær 29 millionar kroner til dei som har søkt om støtte frå krisepakke 2 for frivillige lag og organisasjonar. 

Krisepakke 2 skal kompensere frivillige lag og organisasjonar som har betydeleg inntektsbortfall frå arrangement og annan aktivitet, som følgje av pålegg eller råd gitt av offentlege styresmakter i samband med covid-19.

I femte utbetaling blir det betalt ut 28 834 713 kroner. Det er 115 søknader for 438 arrangement som får utbetalt i denne runden.

Last ned oversikt over kven som har fått utbetalt i dag.

Samla er det betalt ut over ein milliard kroner for nær 25 500 arrangement i krisepakke 2.

Oversikt over kven som har søkt og fått utbetalt tidlegare finn du her.

Søknadsfristen var 15. september 2020. Denne krisepakken gjaldt frå 12. mars til 31. august 2020.

Krisepakke 3 for frivilligheita kan du søke på her.