Som følgje av koronaviruset gir Lotteritilsynet dispensasjonar frå bingoforskrifta. 

Lotteritilsynet blir kontakta av fleire bingoentreprenørar om dispensasjonar frå forskrift om bingo, i samband med utfordringar knytt til stenging av bingohallar som følge av koronaviruset. 

Det blir særleg vist til regelverksutfordringar knytt til bruk av nettspel, og overskotsutbetaling til formål for første kvartal 2020. 

Lotteritilsynet har i forskrift om bingo § 34 ein heimel til å kunne «dispensere fra bestemmelsene i denne forskrift». I praksis har det blitt kravd tungtvegande grunnar for at Lotteritilsynet skal gjere dette. 

Lotteritilsynet har på bakgrunn av situasjonen vi står oppe i bestemt å gje følgande dispensasjonar frå forskrift om bingo til dei aktørane som stenger bingohallane sine. 

§ 4a), 1 ledd «Den enkelte bingohall kan formidle hovedspillet i bingohallen til spillere på internett» 

Det er eit krav i dag om at hovudspel må spelast i bingolokalet samtidig med at det blir spelt på nett. Lotteritilsynet gir midlertidig dispensasjon frå kravet om at hovudspel også må skje i bingohall for å kunne spelast på nett. Det betyr at ein kan spele hovudspel på internett, sjølv om ein ikkje har det oppe i bingohallen. 

Opningstider for bingospelet på nett kan vere frå klokka 10.00  formiddagen til klokka 22.00 om kvelden.  

Hovudspelet som brukast, skal ha opplesing av tala som blir trekt. Det betyr at det ikkje kan spelast på meir enn eit hovudspel samtidig. 

§ 4a), 3 ledd, 1 pkt «Den enkelte spiller må registrere seg ved personlig oppmøte i den hallen der vedkommende ønsker å delta i hovedspillet» 

Lotteritilsynet gir også midlertidig dispensasjon frå dette kravet om personleg oppmøte. Nye spelarar må registrere seg online ved hjelp av Bank Id for å kunne bli kundar.  

Dispensasjonane ovanfor blir gitt førebels i 14 dagar, dvs. fram til og med 29. mars, under føresetnad av at bingohallane framleis er stengt. Lotteritilsynet vil vurdere forlenging fortløpande basert på situasjonen rundt koronaviruset og dei råd og anbefalingar som elles gjeld i samfunnet. 

Nye aktørar som ikkje har hatt nettspel tidlegare, må gjere ei risikovurdering av dette før dei startar opp, jf. kvitvaskingsregelverket. 

Når det gjeld kravet i § 4a), 5 ledd «Omsetning i hovedspill på internett skal ikke regnes med i omsetningsgrunnlaget etter § 15, 2 ledd og § 15, 5 ledd, og må regnskapsføres særskilt», så vil Lotteritilsynet komme tilbake med ei vurdering av dette. Vi ser at fleire aktørar kan få problem med å nå omsetningsgrensa for å kunne ha databingo dersom hallane blir stengde over ein lengre periode.   

Kravet om utbetaling til formål innan to veker etter første kvartal (dvs. frist 14 april) jf. forskrifta § 20, 3 ledd, vil bli utsett. Lengda på utsetjinga vil vi kome tilbake til når vi ser kor langvarig stenging av bingohallar blir.