Lotteritilsynet har utarbeidd ein førebels tilsynsrapport som inneheld ei vurdering av Lyoness si verksemd i Norge opp mot pyramidebestemmelsen i lotterilova § 16 andre ledd. Rapporten blei sendt Lyoness 2. juni 2014 for merknader før endeeig tilsynsrapport blir utarbeidd. Den førebelse rapporten er difor unnateke offentligheit. Vi vil likevel utdjupe våre vurderingar.

Etter lotterilova § 16 andre ledd må følgjande vilkår vere oppfylt for at ei verksemd skal bli å rekne som eit ulovlig pyramideliknande omsetnadssystem:

  • Det må foreligge eit pyramideliknande omsetnadssystem
  • Det må bli ytt vederlag for å delta i verksemda
  • Det må vere mogleg å oppnå inntekt frå andres deltakaravgift i verksemda
  • Inntektene må i særleg grad skyldast verving og ikkje sal av eller forbruk av varer, tenester eller andre ytingar

I den forebelse tilsynsrapporten konkluderer Lotteritilsynet med at Lyoness ikkje driv eit ulovleg pyramideliknande omsetnadssystem i Norge i strid med lotterilova § 16 andre ledd.  Konklusjonen bygger særleg på mottekne opplysningar som viser at meir enn 50 % av Lyoness sine inntekter frå verksemd i Norge i dag kjem frå sal av varer og tenester frå bedrifter tilknytta Lyoness sitt handelsnettverk og ikkje frå verving av medlemmer.

Lyoness har i brev av 17. juni 2014 gitt sine merknader til Lotteritilsynets forebelse tilsynsrapport og endeleg tilsynsrapport vil vere offentleg og foreligge i midten av september 2014.