Forslag til endringar i forskrift om spel på skip
Høyringsnotat - forslag til endringar i forskrift om spel på skip. Frist for høyringsinnspel er 22. mai 2020.
Lotteritilsynet blei i brev frå Kulturdepartementet 19. desember 2019 bedt om å utarbeide eit utkast til høyringsnotat, samt eit forslag til endringar i forskrift om spel på skip.
I oppdragsbrevet går det fram at følgande forslag til endringar i dagens forskrift om lotteriverksemd om bord på norske skip i rute mellom norsk og utenlandsk haman, skal på høyring:
- At ein fjernar den avgrensa ordlyden om at det kun er kortspel og rulett som er lovlege bordspel, og opnar for at Lotteritilsynet også kan gi løyve til å tilby andre typar bordspel om bord på skip.
- At det blir innført felles grenser for innsats og gevinst for alle typar bordspel. Maks innsats settast til kr. 600, og maks gevinst settast til kr. 3000.
- At ein fjernar regulering av multipler for ulike typar spel.
- At detblir opna for bruk av bankkort som betalingsmiddel.
Heile høyringsforslaget les du her (PDF).
Innspel på høyringsforslaga skal sendast Lotteritilsynet innan 22.05.2020.
Høyringsinnspela sendast til postmottak@lottstift.prod.dekodes.no. Det kan også sendast per. post til Lotteritilsynet, postboks 800, 6805 Førde.