Lag og organisasjonar får 1,3 milliardar kroner før jul
I alt 23 500 frivillige lag og organisasjonar vil før jul få utbetalt momskompensasjon på til saman 1,32 milliardar kroner. I 2017 er avkortinga 27,2 prosent av det godkjende beløpet.
Endå fleire får i år
Nær 1000 fleire lokallag får momskompensasjon i 2017 samanlikna med 2016. Dette viser at ordninga blir stadig betre kjend, og at vi dermed når ut til fleire lokale lag og foreiningar med ordninga.
Godkjent søknadsbeløp for 2017 var på 1,81 milliardar kroner mot 1,69 milliardar i 2016. Avkortinga i år blir difor på 27,2 prosent mot 23,7 prosent i fjor. Sentralledd som har søkt på vegner av underledd fordeler pengane vidare etter eigne rutinar.
Pengane på konto før jul
Utbetaling av momskompensasjonen for 2017 skjer medio desember 2016.
Her finn du oversikt over kven som får kompensasjon, og tildelt beløp i 2017.