Lotteritilsynet oppretta tilsynssak om selskapet World Ventures si verksemd i Norge i mai i år. Vi skal vurdere om selskapet driv i strid med lotterilova som seier at pyramider er ulovlege.

Pyramider er forbudt

Lotterilovens § 16 slår fast at det er forbudt både å opprette, drive, delta i eller utbreie pyramider. Lova definerer pyramide som «pyramidelignende omsetningssystem der det ytes vederlag for å få mulighet til å oppnå inntekter som særlig skyldes at andre verves til systemet, og ikke salg eller forbruk av tjenester eller andre ytelser».

Dokumentasjon

For å kunne gjere ei grundig vurdering av om verksemda til World Ventures i Norge er eit ulovleg omsetningssystem eller ikkje, sende Lotteritilsynet i mai eit krav om dokumentasjon til selskapet. Slik dokumentasjon er motteken, og den er no til vurdering i Lotteritilsynet. Vi har i tillegg bedt om meir informasjon og dokumentasjon, og har motteke svar både frå selskapets advokat og kontaktperson.

Lotteritilsynet hadde møte med World Venture sin advokat og kontaktperson i våre lokaler den 4. november 2013. På dette møtet deltok også to representantar for selskapet i USA.

Rapport

Tilsynssaka vil ende opp med ein offentleg tilsynsrapport, truleg før nyttår. Først blir det ein foreløpig tilsynsrapport som selskapet skal få høve til å kommentere, før endeleg rapport blir offentleg.

Bakgrunnen for tilsynssaka er mellom anna henvendelsar frå publikum som stiller spørsmål ved om World Venture sin aktivitet er i strid med det norske lovverket.